Klart for skulestart i Vestland

I dag startar det første elevkullet i Vestland fylkeskommune. 45 vidaregåande skular er budde på å ta dei imot – også når det gjeld smittevern.

Elevar på skoleplassen på Sandsli vidaregåande skule
NY START: Elevrådsleiar Henrik Glittenberg var blant dei som ønskte elevane velkomen på Sandsli vidaregåande skule i dag. Til saman 19 982 elevar startar no skuleåret i Vestland fylkeskommune. Av desse går 8250 på Vg1.

Bjørn Lyngedal, fylkesdirektør for opplæring og kompetanse, ønskjer elevane velkommen til eit nytt skuleår.

– Vestland fylkeskommune har eit fantastisk skulevesen. Vi har ein sterk ambisjon og eit godt fagtilbod, og ønskjer at elevane skal få det absolutt beste skuletilbodet i Noreg, seier han.

Historisk skulestart

Elevkullet som no begynner i første klasse, er det første etter at Sogn og Fjordane og Hordaland slo seg saman.

– Dette er historisk. Eg synes det er veldig spennande at to ulike skulekulturar no kan lære av kvarandre. Sogn og Fjordane var rekna som det beste skulefylket, noko Hordalandsskulane kan dra nytte av. Samtidig er det også mykje skulane i Sogn og Fjordane kan lære frå skuleverksemda i Hordaland, seier Lyngedal.

Nytt før dette skuleåret er at fleire har søkt seg inn på yrkesfag.

– Dette er ei gledeleg auke og ei ønska utvikling. Behovet for fagarbeidarar i næringslivet er stort, seier Lyngedal.

Smittevern er blitt normalen

Ein annan ting som skil årets skulestart frå tidlegare år er koronasituasjonen.

– Då koronautbrotet kom i vår hadde vi ein akuttsituasjon. Forskjellen no er at vi no går over i ein normalsituasjon, seier fylkesdirektøren.

Myndigheitene seier at vi mest truleg må leve med koronatiltak i fleire år. Det er også ein hovudprioritet at skular og barnehagar kjem i gang igjen, så sant smittevernsituasjonen tillet det.

– Vi må derfor gjere varige tiltak og skape ein ny normalitet der smittevern blir ivaretatt. Planen vår er at vi skal gjere alt vi har gjort før, men på en trygg måte, seier Lyngedal.

Skulane følger Folkehelseinstituttet sin «trafikklysmodell» med grønt, gult og raudt nivå som viser kva for smitteverntiltak barnehagar og skular skal følge. Lyngedal synest dette systemet fungerer fint. Han legg til at skulane samarbeider tett med smittevernslegane i kommunane. På denne måten kan dei tilpasse drifta på sine skular på den tryggast moglege måten.

– Vi må gjere varige tiltak der smittevern blir ivaretatt, seier Bjørn Lyngedal, fylkesdirektør for opplæring og kompetanse i Vestland fylkeskommune.

Ikkje avstandskrav i undervisninga

Smittevernsreglane på skulane inneber at du som er elev må halde avstand til andre skuleelevar og dei tilsette på skulen. Men merk at dette ikkje gjeld i undervisning i varige eller faste klasser eller grupper. Lærarar og tilsette må derimot alltid halde ein meters avstand til kollegaer.

Det er også restriksjonar på kor mange menneske som kan samlast på ein gong. Dette inneber at det ikkje vil blir gjennomføre samlingar med over 200 personar på skulane.

Lyngedal fortel også at dei arbeider med å tilpasse bruken av spesialrom, som for eksempel treningsrom, på ein måte der smittevernsreglane blir oppretthaldt.

Avlyser internasjonalisering

Skuleåret vil også vere prega av koronasituasjonen på den måten at ikkje alle tilbod kan gjennomførast. Dette gjeld for eksempel at alle internasjonaliseringprosjekt er sett på vent.

– Fleire skular har internasjonale samarbeid med andre skular. I år blir det ingen utanlandsturar eller besøk frå klassar frå andre land under gjeldande smittenivå. Dette gjeld både korte og lengre utanlandsopphald.