Klare for samspel og samarbeid med heile fylket
Fylkestinget har vedteke Utviklingsplan for Vestland 2020–2024 og dermed sett retning for dei neste fire åra. Planen bygger på berekraftmåla til FN, og politikarane har no verktøyet for å gjere Vestland til det mest framoverlente fylket.
Stikkord for planen er verdiskaping, desentralisering, klima og miljø, gode lokalsamfunn og like moglegheiter. I planen er òg ambisjonen om Vestland som nullutsleppsfylke i 2030 inkludert.
– Vi har sett kursen med fire hovudmål, og strategiar for korleis vi skal nå dei. No ser vi fram til samspel og samarbeid med heile fylket, frå idrettslag til universitet og høgskule, næringsliv og kommunar, seier fylkesordførar Jon Askeland.
– Ambisjonen vår for Vestland er klar, vi skal bli eit av dei mest framoverlente fylka i landet og har sett oss tydelege mål. Eit av dei målet om nullutslepp i 2030, og her inviterer vi inn alle innbyggjarane, næringsliv og kommunane. Og som eit solid fundament i arbeidet har vi berekraftmåla til FN, seier fylkesvaraordførar Natalia Golis.
57 høyringsinnspel
Utviklingsplanen er ikkje ein fylkeskommunal plan, men ein plan for fylket. Både fylket, kommunane, statlege og regionale organ skal leggje han til grunn for planlegginga si dei neste fire åra.
Arbeidet med utviklingsplanen starta alt før fylkessamanslåinga, og det har såleis vore ein lang og grundig prosess. Utkastet til plan var tidlegare i år ute til høyring, og kommunar, regionråd, næringsforeiningar, organisasjonar og andre sende inn til saman 57 innspel.
– Høyringsrunden synte god oppslutning om planen, noko som er viktig for at utviklingsplanen skal fungere som ein samlande plan for heile fylket, seier fylkesordførar Jon Askeland.
Energi viktig tema i høyringsrunde
Tilbakemeldingane var først og fremst knytte til kva planar Vestland fylkeskommune skal lage fram til 2024. Energi var eit tema som gjekk att i innspela. Fleire høyringspartar etterlyste ein ny og tydeleg regional politikk på energifeltet. Fylkestinget tok difor inn ein regional plan for fornybar energi på planlista.
– Det er dette som er demokrati og poenget med høyringsrunden, nemleg å ta innspela som kjem inn på alvor. Det er slik vi skaper tilslutning til planen, og sikrar oss at vi vedtek ein plan som flest mogleg vil følgje og jobbe for å nå måla i, seier Askeland.
Berekraftmåla ligg til grunn
I tillegg til å vere ein «plan for planane», listar utviklingsplanen for Vestland opp fire hovudmåla for fylket. Til kvart mål er det sett opp strategiar for korleis vi skal nå måla.
Berekraftmåla til FN ligg til grunn for alle måla – og for heile planen.
– Berekraftmåla set berekraftig utvikling i system, og blir såleis eit verktøy vi kan bruke for å setje enkeltsaker inn i ein større samanheng. For å nå dei store, globale klimamåla, må vi gjere ein innsats på alle nivå. Utviklingsplanen vår gir oss ein felles kurs i Vestland. Han skal inkludere, inspirere og mobilisere heile vestlandssamfunnet til innsats for ei berekraftig og nyskapande utvikling, slår fylkesordføraren fast.
Dei fire hovudmåla i utviklingsplanen
Mål 1 Vestland som det leiande verdiskapingsfylket og nasjonal pådrivar for eit regionalisert og desentralisert Noreg
Mål 2 Klima og miljø som premiss for samfunnsutvikling
Mål 3 Lokalsamfunn som ramme for gode kvardagsliv i heile Vestland
Mål 4 Like moglegheiter til å delta i verdiskaping
Regional planstrategi
Utviklingsplanen er den regionale planstrategien for Vestland fylke dei neste fire åra. Plan- og bygningslova seier at fylkestinget skal vedta ein slik langsiktig, regional planstrategi minst ein gong i kvar valperiode. Fylkestinget vedtok Utviklingsplan for Vestland 2020–2024 i møtet 29. september.
Utviklingsplanen blir lagt ut på heimesida til fylkeskommunen når fylkesrådmannen i samråd med fylkesordføraren har innarbeidd endringane som fylkestinget vedtok.