Kartlegg kulturhistoriske landskap av nasjonal interesse

Klosterøya Selja og fjellgardane i Aurlandsdalen er to av dei 21 områda i tidlegare Sogn og Fjordane som Vestland fylkeskommune føreslår bør få status som kulturhistoriske landskap av nasjonal interesse (KULA).

foto frå Selje kloster
KLOSTERØYA: Øya Selja og Selje kloster i Stad kommune rommar historia om nokre av dei første kyrkjene i landet og eitt av dei eldste klostera. (Foto: Wikimedia Commons)

Andre område som er plukka ut er blant andre Gulatinget i Gulen, kraftutbyggingslandskapet i Høyanger og det krigshistoriske landskapet på kysten av Nordfjord.

KULA-prosjektet er i regi av Riksantikvaren. Målet er å få oversikt over alle slike område i landet, bidra til meir kunnskap og medvit i kommunane og gje tydelege og tidlege signal frå kulturminneforvaltninga.

foto frå Gulatinget og gulatingsveggen
GULATINGET: Gulatinget i Gulen er knytt til Gulatingslova, som vert rekna som ei av dei første og mest demokratiske lovene i Europa for om lag 1000 år sidan.

Aktualisert med vindkraftdebatt

– Det er eit interessant og viktig arbeid som går føre seg her. Vi får høve til å løfte landskap som det knyter seg nasjonale interesser til. Vi får vise fram verdiane i landskapa, og seie noko om korleis vi meiner dei bør takast vare på. Debatten i haust rundt vindkraftutbygging har vore med og aktualisere arbeidet, og kanskje kan KULA-områda påverke komande vindkraftutbyggingar, seier Stian Davies, som er leiar for hovudutval for kultur, idrett og inkludering.

Hovudutvalet vart orientert om arbeidet i møtet 15. oktober. Fylkesutvalet får same orientering 29. oktober.

foto frå Moahaugane i Vik kommune
MELLOMALDERLANDSKAP: Landskapet ved Moahaugane i Vik i Sogn er prega av store gravfelt som er plasserte mellom to mellomalderkyrkjer. No kan landskapet her bli del av KULA-registeret.

Dialog og synfaring

Vestland fylkeskommune har i haust hatt informasjons- og innspelsmøte med kommunane og Riksantikvaren, der alle partar har kome med innspel til det vidare arbeidet. Kommunane har også kome med innspel til fleire aktuelle område, og fylkeskommunen vurderer desse i det vidare arbeidet.

Vi er no i gang med synfaringar til dei utvalde landskapa, og kommunane er inviterte til å delta på desse. Planen er å vere ferdig med synfaringane i løpet av første veka i november.

Fylkeskommunen skal så lage eit utkast til høyring av dei føreslegne områda. Høyringsforslaget blir lagt fram for både hovudutvalet og fylkesutvalet når det er klart.

foto frå gamle og nye Strynefjellsvegen
FJELLOVERGANG: Vegane over Strynefjellet – både nye og gamle Strynefjellsveg – omfattar viktige og tidlege samferdsleruter mellom aust og vest i Noreg.

Føreslår 21 område

Vestland fylkeskommune føreslår at desse områda bør få status som kulturhistoriske landskap av nasjonal interesse:

  1. Stadtlandet i Stad kommune
  2. Klosterøya Selja i Stad kommune
  3. Måløy – krigshistorisk landskap i Kinn og Bremanger kommunar
  4. Midtre Bremanger – Skatestraumen, Rugsund og Vingen i Bremanger kommune
  5. Strynefjell – fjellovergang i Stryn kommune
  6. Den ytre skipsleia med fjelløyane i Askvoll, Kinn og Bremanger kommunar
  7. Kystrøysene – den indre leia med gravrøyser i Askvoll og Fjaler kommunar
  8. Jølstravatnet – Nicolai Astrup sitt landskap i Sunnfjord kommune
  9. Tysselandet og Leite i Dalsfjorden i Fjaler kommune
  10. Kvernsteinlandskapet i Hyllestad kommune
  11. Balestrand og Vangsnes i Sogndal og Vik kommunar
  12. Kraftutbyggingslandskapet i Høyanger i Høyanger kommune
  13. Lustrafjorden med Urnes i Luster kommune
  14. Grinde–Engjasete – tradisjonelle fjordgardar i Sogndal kommune
  15. Vik – mellomalderlandskapet i Vik kommune
  16. Gulatinget i Gulen kommune
  17. Vestnorsk fjordlandskap – delområde Nærøyfjorden i Aurland, Lærdal, Vik og Voss kommunar
  18. Midtre Lærdal, Lærdalsdalen og samferdslehistoria i Lærdal kommune
  19. Filefjellsvegen i Lærdal kommune
  20. Fjellgardane i Aurlandsdalen i Aurland kommune
  21. Flåmsbana og Flåmsdalen i Aurland kommune