Kartlegg kulturhistoriske landskap av nasjonal interesse
Klosterøya Selja og fjellgardane i Aurlandsdalen er to av dei 21 områda i tidlegare Sogn og Fjordane som Vestland fylkeskommune føreslår bør få status som kulturhistoriske landskap av nasjonal interesse (KULA).
![foto frå Selje kloster](/globalassets/foto/2020---nyheitsfoto/kula---selje-kloster.jpg/LargeImage)
Andre område som er plukka ut er blant andre Gulatinget i Gulen, kraftutbyggingslandskapet i Høyanger og det krigshistoriske landskapet på kysten av Nordfjord.
KULA-prosjektet er i regi av Riksantikvaren. Målet er å få oversikt over alle slike område i landet, bidra til meir kunnskap og medvit i kommunane og gje tydelege og tidlege signal frå kulturminneforvaltninga.
![foto frå Gulatinget og gulatingsveggen](/globalassets/foto/2020---nyheitsfoto/kula---gulatinget.jpg/LargeImage)
Aktualisert med vindkraftdebatt
– Det er eit interessant og viktig arbeid som går føre seg her. Vi får høve til å løfte landskap som det knyter seg nasjonale interesser til. Vi får vise fram verdiane i landskapa, og seie noko om korleis vi meiner dei bør takast vare på. Debatten i haust rundt vindkraftutbygging har vore med og aktualisere arbeidet, og kanskje kan KULA-områda påverke komande vindkraftutbyggingar, seier Stian Davies, som er leiar for hovudutval for kultur, idrett og inkludering.
Hovudutvalet vart orientert om arbeidet i møtet 15. oktober. Fylkesutvalet får same orientering 29. oktober.
![foto frå Moahaugane i Vik kommune](/globalassets/foto/2020---nyheitsfoto/kula---gravhaugar-i-vik.jpg/LargeImage)
Dialog og synfaring
Vestland fylkeskommune har i haust hatt informasjons- og innspelsmøte med kommunane og Riksantikvaren, der alle partar har kome med innspel til det vidare arbeidet. Kommunane har også kome med innspel til fleire aktuelle område, og fylkeskommunen vurderer desse i det vidare arbeidet.
Vi er no i gang med synfaringar til dei utvalde landskapa, og kommunane er inviterte til å delta på desse. Planen er å vere ferdig med synfaringane i løpet av første veka i november.
Fylkeskommunen skal så lage eit utkast til høyring av dei føreslegne områda. Høyringsforslaget blir lagt fram for både hovudutvalet og fylkesutvalet når det er klart.
![foto frå gamle og nye Strynefjellsvegen](/globalassets/foto/2020---nyheitsfoto/kula---strynefjellsvegen.jpg/LargeImage)
Føreslår 21 område
Vestland fylkeskommune føreslår at desse områda bør få status som kulturhistoriske landskap av nasjonal interesse:
- Stadtlandet i Stad kommune
- Klosterøya Selja i Stad kommune
- Måløy – krigshistorisk landskap i Kinn og Bremanger kommunar
- Midtre Bremanger – Skatestraumen, Rugsund og Vingen i Bremanger kommune
- Strynefjell – fjellovergang i Stryn kommune
- Den ytre skipsleia med fjelløyane i Askvoll, Kinn og Bremanger kommunar
- Kystrøysene – den indre leia med gravrøyser i Askvoll og Fjaler kommunar
- Jølstravatnet – Nicolai Astrup sitt landskap i Sunnfjord kommune
- Tysselandet og Leite i Dalsfjorden i Fjaler kommune
- Kvernsteinlandskapet i Hyllestad kommune
- Balestrand og Vangsnes i Sogndal og Vik kommunar
- Kraftutbyggingslandskapet i Høyanger i Høyanger kommune
- Lustrafjorden med Urnes i Luster kommune
- Grinde–Engjasete – tradisjonelle fjordgardar i Sogndal kommune
- Vik – mellomalderlandskapet i Vik kommune
- Gulatinget i Gulen kommune
- Vestnorsk fjordlandskap – delområde Nærøyfjorden i Aurland, Lærdal, Vik og Voss kommunar
- Midtre Lærdal, Lærdalsdalen og samferdslehistoria i Lærdal kommune
- Filefjellsvegen i Lærdal kommune
- Fjellgardane i Aurlandsdalen i Aurland kommune
- Flåmsbana og Flåmsdalen i Aurland kommune