Justeringar i inntaket til fire vidaregåande skular i Vestland

Hovudutval for opplæring og kompetanse gjorde i ekstraordinært møte i dag justeringar i inntaket for dei to vidaregåande skulane Mo og Øyrane og Flora. Utvalet blei og orienterte om endringar ved Kvam og Nordahl Grieg vgs.

elevar utanfor Mo og Øyrane vgs
EIN EKSTRA KLASSE: Hovedutvalet vedtok i dag å opprette ein ekstra klasse Vg1 bygg og anlegg ved Mo og Øyrane vidaregåande skule frå hausten. (arkivfoto)

Hovudutval for opplæring og kompetanse har tidlegare gjort vedtak om fire klassar Vg1 bygg- og anleggsteknikk ved Mo og Øyrane vgs i Førde og to klassar Vg1 bygg- og anleggsteknikk ved Flora vgs i Florø. Men ved førsteinntaket 8. juli blei det ved ein tastefeil gitt tilbod om skuleplass til 13 fleire søkjarar til Vg1 bygg- og anleggsteknikk ved Mo og Øyrane, enn det etter hovudutvalet sitt vedtak er plass til. I tillegg er det 13 søkjarar på venteliste til dette tilbodet ved skulen.

Hovudutval for opplæring og kompetanse gjorde i møte i dag dette vedtaket:

1. Hovudutval for opplæring og kompetanse beklagar at førsteinntaket til vidaregåande opplæring blei gjennomført med feil klassetal på vg1bygg og anleggsteknikk ved både Mo og Øyrane vidaregåande skule og Flora vidaregåande skule pga ein tastefeil. Flora og Mo og Øyrane vidaregåande skular er 2 gode skular som gir eit godt fagleg og sosialt tilbod til elevane, for begge skulane er forutsigbarhet for Vg2 -tilboda viktig for å ivareta sterke fagmiljø.

2. For å løyse situasjonen vedtek hovudutval for opplæring og kompetanse at det vert sett i gong ei ekstra gruppe Vg1 bygg og anlegg ved Mo og Øyrane vidaregåande skule under føresetnad av at dette kan gjennomførast. Mo og Øyrane vidaregåande skule skal i samarbeid med Flora vidaregåande skule sikre rekruttering til Vg2 løpa.

3. Flora vidaregåande skule har planlagt sitt opplæringstilbod for kommande skuleår etter det politiske vedtaket. Hovudutval for opplæring og kompetanse føreset at sakshandsamingsfeilen ikkje skal føre til eit økonomisk tap for skulen.

Glad for å finne ei god løysing

– Vedtaket inneber at fylkeskommunen tek ansvar for ein administrativ feil ved inntaket til byggfag vg1 mellom Mo og Øyrane vgs og Flora vgs, og tilbyr elevane plassane dei har fått tilbod om, seier utvalsleiar Karianne Torvanger. Me seier oss leie for situasjonen elevane vart sett i, seier ho, og me har arbeidd iherdig med å finna ei løysing. Me vil elevane sitt beste, og me ber om forståing for at det å snu seg rundt i ein slik situasjon krev mykje arbeid, og eg er glad for at me fann ei god løysing, seier Karianne Torvanger.

– Situasjonen elevane vart sett i utløyste eit sterkt engasjement, og eg vil rosa Karianne Torvanger for at ho fekk på plass ei løysing, seier fylkesordførar Jon Askeland, som også rosar hovudutvalet, som tok ekstramøte på saka. Dette vart ein vond situasjon, som gjorde at mange måtte leggja deler av ferien til side for å landa ei løysing, som involverte både elevane og begge dei to skulane våre, seier fylkesordføraren, som også takkar alle som har arbeidd med å løysa situasjonen, og bed alle sjå framover. Det er menneskeleg å feila, og det var vår oppgåve å landa løysinga, avsluttar Askeland.

Bjørn Lyngedal, direktør for opplæring og kompetanse i Vestland fylkeskommune seier seg lei for tastefeilen og den uvissa dette har ført til for både elevar og føresette. Han er også glad for at saka no ser ut til å løyse seg på ein god måte.

To klassar Vg1 TIP og plass til returnerte utvekslingselevar ved Kvam vgs.

Det var lyst ut 2 klassar Vg1 på utdanningsprogrammet teknikk og industriell produksjon (TIP) ved Kvam vgs. På grunn av vanskar med å få kvalifiserte lærarar vart det berre teke inn søkjarar til den eine av dei to klassane på Vg1 TIP i førsteinntaket. No er kvalifisert personale på plass og det blir dermed to klassar Vg1 TIP. Søkjarane vil få tilbod om plass i 2. inntaket, som er 29. juli.

Kvam vgs hadde ei oversøking på 9 elevar til Vg3 studiespesialiserande (ST). Skulen hadde mange elevar på utveksling til utlandet førre skuleår, og det er desse som det med ein Vg3 klasse ikkje var rom for. I samråd med fylkesordførar har skulen no fått utvida tilbodet med + 0,5 klasse på Vg3 ST.

Auke kapasiteten på yrkesfag i Bergen

Hovudutvalet vart og orientert om at fylkesdirektøren for opplæring og kompetanse har vedteke å ikkje setje i gang ein av dei to klassane vg1 på utdanningsprogram medium og kommunikasjon ved Nordahl Grieg vgs. Dette etter fullmakt i justeringssak etter førre møte i utvalet. Årsaka er at det er ei stor auke i søkjarar til yrkesfag i Bergen og det vil difor bli oppretta ein ny klasse på yrkesfag. For elevane som har søkt medium og kommunikasjon vil det vere plassar for dei ved andre studieførebuande tilbod i Bergensområdet.