Inngår samarbeid mot doping

Vestland fylkeskommune inngår no ein avtale med Antidoping Norge som skal mobilisere unge mot doping.

SIGNERTE: Fylkesordførar Jon Askeland (t.h.) og avdelingsleiar Fredrik Lauritzen frå Antidoping Norge underteikna den nye avtalen for 2020-23 på fylkesutvalet sitt møte i Bergen 14. februar. Heilt til venstre står Tor Helge Myhre som er fylkeskoordinator i Vestland for Antidoping Norge.
SIGNERTE: Fylkesordførar Jon Askeland (t.h.) og avdelingsleiar Fredrik Lauritzen frå Antidoping Norge underteikna den nye avtalen for 2020-23 på fylkesutvalet sitt møte i Bergen 14. februar. Heilt til venstre står Tor Helge Myhre som er fylkeskoordinator i Vestland for Antidoping Norge.

Fylkesordførar Jon Askeland og avdelingsleiar Fredrik Lauritzen frå Antidoping Norge underteikna avtalen som gjeld gjennomføring av prosjektet «Lokal mobilisering mot doping» i Vestland 2020-2023.

– Ungdomen er framtida, og denne avtalen gir oss eit verktøy for å gi dei kunnskap og informasjon for å kunne fatte rette val for den vidare livsreisa. Samstundes vil avtalen bidra til at vi kan bygge opp kunnskapen om doping hjå alle dei som jobbar tett mot ungdom, seier fylkesordførar Jon Askeland og legg til:

–  Antidoping Norge er nøyaktig den partneren vi treng til dette, og eg er utruleg glad for at vi har inngått dette samarbeidet.

Heilskapleg arbeid

Vestland fylkeskommune løyver 450 000 kroner til prosjektet for 2020. Samarbeidet skal sikre eit heilskapeleg antidopingarbeid i Vestland fylke. Hovudmålet er å gi unge menneske tilstrekkeleg kunnskap og informasjon til å avstå frå dopingbruk. Vidare at desse unge spreier haldninga om nulltoleranse til dopingbruk i sine lokalmiljø innan idretten og i samfunnet elles. 

Kroppspress i sosiale medium

I sitt innlegg til fylkestinget fortalte Lauritzen at ein betydeleg del unge føler kroppspress og at mange oppgir det å sjå bra ut som sin motivasjon for å trene. Sosiale medium er med å auke dette presset ved at folk samanliknar seg med andre og føler seg mislukka. Dette gjer også at doping kan framstå som ein fristande snarveg. Sjølv om det ikkje er grunn til å tro at talet på dei som dopar seg er høgt, ser Lauritzen det som bekymringsfullt at fleire trur det er normalt. Undersøkingar Antidoping Norge har gjort blant viser at 50 prosent trur doping skjer på treningssenteret dei sjølv brukar.

– Vi har gode erfaringar med den lokale mobiliseringsmodellen i prosjektet. Det er viktig å nå ut til mange arenaar og vise at rein trening er bra nok, og at det er mogleg å nå måla sine utan doping, seier Lauritzen. Han viser til det gode samarbeidet Antidoping Norge og Hordaland har hatt i fleire år og ser fram mot å samarbeide med Vestland fylke i åra som kjem.