Høyring: Vil ha innspel om innovasjon og næringsutvikling

Kva slags langsiktig retning skal arbeidet med innovasjon og næringsutvikling ta i Vestland? Dette er noko av det vi ønskjer svar på når planprogrammet for «Regional plan for innovasjon og næringsutvikling for Vestland» no blir sendt ut til høyring.

Oversiktsbilde med verft og lokalsamfunn
GODE INNSPEL: Vestland fylkeskommune ønskjer gode innspel frå både kommunar, næringsorganisasjonar og andre interessentar, for å lage eit godt grunnlag for samfunnsutviklinga i fylket.

Fylkesutvalet vedtok 8. juni å sende planprogrammet ut på høyring med svarfrist den 20. august.

– Vestland er rikt, allsidig og framtidsretta. Planprogrammet er viktig for å peike på dei områda vi særleg skal satsa på framover. Vi ønskjer derfor gode innspel frå både kommunar, næringsorganisasjonar og andre interessentar – slik at vi kan lage eit godt grunnlag for samfunnsutviklinga i fylket, seier fylkesordførar Jon Askeland.

På kort og lang sikt

Vestland har mange gode erfaringar med denne type samarbeid, for eksempel i næringsklyngene.

– Vi har eit godt grunnlag å bygge vidare på. Vi har over mange år etablert gode partnarskap med næringsselskap, næringshagar, næringsklyngene, universitet og høgskular, samt kommunane i Vestland. Dette gjer at vi er rusta til å løyse både dei kortsiktige utfordringane grunna koronakrisa og oljeprisfall. I tillegg har vi evna til å lage langsiktige mål for innovasjon og næringsutvikling i Vestland, seier Bård Sandal, fylkesdirektør for innovasjon og næringsutvikling i Vestland.

Kriser gir nye moglegheiter

Han legg til at fylkeskommunen ønskjer at den nye regionale planen for innovasjon og næringsutvikling skal vere eit strategisk dokument for alle partnarane, ikkje berre for Vestland fylke. Derfor er dialog og medverknad i utarbeiding av planen svært viktig. Og derfor går planprogrammet ut på ekstern høyring no. Vestland fylkeskommune har ambisjonar om at planen skal kunne fungere som ein overordna næringsplan for alle dei 43 kommunane i Vestland.

– Vi står i ein situasjon med store utfordringar for næringslivet, både nasjonalt og internasjonalt. Samtidig veit vi at motstand og kriser kan stimulere til å finne nye løysingar og måtar å samarbeide på. Vi har i Vestland verdsleiande næringar og utviklingsmiljø i fleire bransjar. Å bidra til betre samarbeid og felles mobilisering, slik at desse framleis held på sin posisjon og sikrar høg sysselsetting, er eit viktig næringspolitisk mål, og som ein ny plan skal bidra til at alle «offentlege hjelparar» støttar opp om, seier Sandal.

Kva er eit planprogram?

Planprogrammet skal gi føringar for planarbeidet før fylkeskommunen startar arbeidet med sjølve den regionale planen. Føringane gjeld mellom anna overordna mål, tema som skal vektleggjast i planen og korleis fylket kan sikre medverknad og organisere arbeidet.

Omstilling og fornying er eit av fire plantema i planprogrammet som no er på høyring. Dette handlar om å vidareutvikle og fornye det Vestland allereie er gode på. Planprogrammet omtalar også metoden «smart spesialisering» som går ut på å finne nye forretningsområde der dei sterke miljøa i næringslivet kan hevde seg.

Ønskjer innspel

Fylkeskommunen ønskjer innspel på val av plantema og problemstillingar som er viktige innanfor dei føreslåtte tema. Dei ønskjer også innspel som gjeld medverknad i planarbeidet, utfordringar knytta til koronapandemien og andre innspel som blir sett på som viktige i planarbeidet.

Fristen for på komme med høyringsinnspel på planprogrammet er 20. august.

Medverknadsmøte

I tida fram til dette vil det bli arrangert digitale medverknadsmøte der sentrale samfunnsaktørar blir invitert for å gi sine kommentar til planprogrammet.

  • Torsdag den 13. august blir det møte for kommunar, næringsliv og aktørar frå forsking og utviklingsarbeid.
  • Det skal også arrangerast eit medverknadsmøtet for statlege høyringsinstansar. Datoen for dette møtet kjem.

Etter høyringsfristen vil fylkeskommunen justere planprogrammet etter innspela som har kome inn. Planprogrammet skal så opp til vedtak i hovudutvalet for næring den 16. september og fylkesutvalet den 17. september.