Heider til samarbeid om unikt helleristingsfelt

Ved Skatestraumen i Bremanger finn du eitt av dei fremste helleristingsfelta i Norden – Vingen. Denne veka var blant andre fylkesordføraren og klima- og miljøministeren på besøk for å lære om det unike samarbeidet for å forvalte området.

foto av deltakarane som var med på ekskursjon til helleristingsfeltet Vingen i juni 2020
EKSKURSJON: Måndag 29. juni inviterte Universitetet i Bergen samarbeidspartane som forvaltar kulturarvet i Vingen og klima- og miljøminister Sveinung Rotevatn til ekskursjon til helleristingsfeltet i Bremanger. Frå Vestland fylkeskommune deltok fylkesordførar Jon Askeland og fylkesdirektør Per Morten Ekerhovd (nr. 5 og 6 frå høgre). Elles deltok representantar frå Riksantikvaren, Fylkesmannen i Vestland og Bremanger kommune.

Til no veit vi om ca. 2300 figurar som er rissa inn i berga i Vingen, noko som gjer området til eitt av dei største helleristingsfelta i Norden. Helleristingane er mellom 6200 og 6900 år gamle.

Helleristingsfeltet ligg veglaust til ved Skatestraumen i Bremanger. Ein må kome seg dit med båt eller gå fleire timar over fjellet. Det er ikkje tillate å opphalde seg i det freda området utan løyve, men Bremanger kommune organiserer guida turar til Vingen gjennom heile sommarsesongen.

Ros for godt samarbeid

Vingen er områdefreda, og det er Vestland fylkeskommune som har forvaltingsmynda for fredinga. Men for å forvalte området best mogleg, er det etablert eit unikt samarbeid som skal sikre denne rike kulturarven for framtida.

Samarbeidet var tema då Universitetet i Bergen inviterte til ekskursjon til Vingen 29. juni. Med på turen til Vingen var blant andre fylkesordførar Jon Askeland, fylkesdirektør Per Morten Ekerhovd, klima- og miljøminister Sveinung Rotevatn og riksantikvar Hanna Geiran.

– Riksantikvaren og ministeren har gode ord om rolla Vestland fylkeskommune tek i forvaltinga av denne unike fellesarven. Dei meiner at Vingen er eit framifrå døme på korleis ein kan samarbeide for å ta vare på kulturarven, seier Askeland.

foto av helleristingar på Vingen helleristingsfelt i Bremanger
HELLERISTINGAR: Det er så langt funne om lag 2300 figurar som er rissa inn i berga i Vingen. Bileta syner både dyr og menneske.

Virtuelle Vingen

Fylkeskommunen har det såkalla førstelineansvaret i forvaltinga. Det betyr blant anna at vi har ansvaret for skjøtsel av vegetasjonen i området. I tillegg tek vi imot og behandlar dispensasjonssøknadar om til dømes turar og tiltak og koordinerer alt samarbeidet.

Universitetet i Bergen har det faglege ansvaret. Universitetet er også den største grunneigaren i området og har mellom anna laga www.virtuellevingen.no.

– Vi i Vestland fylkeskommune gler oss over at vi har ein så profesjonell partnar som Universitet i Bergen i dette viktige arbeidet. Ikkje berre vernar dei godt om helleristingane, men dei tek oss også inn i den digitale tidsalderen, og brukar nye verktøy for å spreie kunnskap om den felles historia vår, som er så viktig for identiteten vår, seier fylkesordføraren.

foto av forfattar Trond Lødøen på Vingen helleristingsfelt
BOK OM VINGEN: Forskar Trond Lødøen ved Universitetsmuseet har skrive bok om Vingen og har publisert ei rekke artiklar om helleristingane. Han deltok på ekskursjonen og orienterte om område og bergkunsten.

Mange samarbeidspartar

Ei rekke andre aktørar er også inne i biletet når det gjeld forvaltinga av Vingen. Riksantikvaren er i gang med å utarbeide eit register med kulturhistoriske landskap av særskilt nasjonal interesse, og eitt av desse omfattar midtre Bremanger, inkludert Vingen.

Fylkesmannen i Vestland er forvaltingsmynde for landskapsvernområdet Vingen, som også inkluderer området med helleristingar.

Det er elles Bremanger kommune som eig kaia i Vingen og som har ansvar for organiserte turar og for opplæring av guidar. Kvart år blir det rydda vegetasjon i området, blant anna av lokale sauer frå Leirgulen. Eit ektepar som bur i Vingelven får betalt for å halde oppsyn med området.

Du kan følgje Vingen helleristingsfelt på Facebook, og bestille guida turar hjå Bremanger turistinformasjon på telefon 48 14 04 88.

foto frå Vingen helleristingsfelt med utsikt mot Hornelen
UTSIKT MOT HORNELEN: Frå helleristingsfeltet i Vingen har ein utsikt mot fjellklippa Hornelen, som er den høgste sjøklippa i Europa.