Har skapt eigen arbeidsplass
– Eg har fått eit betydeleg betre liv enn eg hadde før, seier Mads Glenja (28). Han har celebral parese og synshemming, men har greidd å skape sin eigen arbeidsplass, mellom anna gjennom foredrag for elevar i vidaregåande skule.

– Å få reise rundt og halde foredrag har gitt meg eit betre liv enn før. Det er ikkje tvil om det. Eg vart fødd 10 veker for tidleg, sit i rullestol og har lært å leve med fysiske avgrensingar. Men mentalt er alt normalt, og eg eg heldigvis ikkje sjenert. Å lage til desse foredraga gjev meg veldig mykje. Det er lettare å takle handicap når du snakkar om det. Eg har hatt eit sterkt ønskje om å gjere noko nyttig for meg, seier Glenja.
Lærte mykje
På Slåtthaug videregående skole har han halde foredrag for 30-40 elevar på vg2 helsefagarbeidar.
– Det var interessant å høyre på kva han fortalde. Det han seier, gjer inntrykk. Vi lærte mykje av det han sa, seier elevane Elena Winther Hansen, Camilla Nilsen Jacobsen, Andrea Sunde Hofstad, Philippa Ullestad og Martin Nordnes.

– Eg har hatt eit sterkt ønskje om å gjere noko nyttig for meg, seier Mads Glenja som har celebral parese og er sterkt funksjonshemma. Støttekontakt Ragnvald M. Gravir og hunden Arya er med når han er ute på tur.
Gode tilbakemeldingar
Linda Farestveit, seksjonsleiar på avdeling for opplæring og kompetanse, inngjekk avtalen med Mads Glenja i mai i fjor.
– Han tok kontakt med oss og presenterte opplegget sitt. Fylkeskommunen er glad for at han kan bidra med sin bakgrunn for å auke kompetansen hos våre elevar. Vi har fått gode tilbakemeldingar frå skulane og set pris på samarbeidet med han, seier Linda Farestveit.
Berit Roksvåg, seniorrådgjevar på avdeling for opplæring og kompetanse, har og sett nytten foredraget har for elevane.
– Dette er eit positivt tiltak og lærerikt for elevane. Eg har sjølv vore med då han heldt foredrag på Osterøy vidaregåande skule. Elevane var svært intererssert og stilte relevante spørsmål, seier Berit Roksvåg.

– Eg synest det er fantastisk å vere støttekontakt og kunne hjelpe, seier Ragnvald M. Gravir som reiser rundt med Mads Glenja på foredrag. Inger Johanne Jahn er kontaktlærar ved Slåtthaug videregående skole.
Samfunnsengasjert
I foredraget fortel Mads Glenja om utfordringane han har som funksjonshemma.
– Eg må ha hjelp til å stå opp, vaske meg og lage mat, gå på do og legge meg. Eg freistar å få tida til å gå, ser mykje på fjernsyn for å halde meg orientert på det som skjer. Men skal eg ein tur ut, må eg ha hjelp. Då må eg tinge drosje fleire dagar før, men det er ikkje mange drosjar som har plass til rullestol.
Glenja bur i eige husvære i Åsane i eit bufellesskap med tre andre rullestolbrukarar.
– Heime har eg alt på eitt plan, med smarte løysingar, og dører som opnar seg, men når eg er ute, er det problem med trappar, etasjar, høge kantar og skilt. Det kan vere greit å setje opp skilt om du skal selje pølser, men ikkje greit å måtte køyre slalom med rullestol for å kome forbi.
Likar å farte på byen
Etter at Glenja fekk eigen støttekontakt i oktober 2016, har livet hans betra seg.
– Då vart det lettare å kome seg ut. Eg likar å farte på byen som alle andre unge, gå på kafe eller konsert. Det er viktig for meg å kome seg ut, sjølv om det berre er for ein kopp kaffi.
Ragnvald M. Gravir er assistent for Glenja.
– Eg synest det er fantastisk å vere støttekontakt og kunne hjelpe. Vi reiser ein del rundt, og eg er med på foredraga han har. Eg vil tilrå andre å bli støttekontakt. Det er stort behov for det, seier Gravir.
– Eg vil gjere noko nyttig
Det var tanken om å gjere noko nyttig, som fekk Mads Glenja til å halde foredrag.
– Ein tidlegare lærar eg hadde, spurde meg om eg kunne fortelle om livet i rullestol. Eg heldt då to foredrag på skular og tenkte at dette kunne vere ein måte å gjere noko nyttig på og tene pengar. Etter kvart fekk eg avtalar med Funksjonshemmedes Fellesorganisasjon Hordaland og Høgskulen om å halde foredrag. Og så kom fylkeskommunen med. Eg har dermed skapt ein løna arbeidsplass for meg med fleire oppdragsgjevarar. Først tenkte eg å få dekka reisekostnadene og få nokre kroner for foredraget, men no får eg både for førebuing, reise og honorar. Eg er svært nøgd med opplegget. No har det balla på seg.
Vanskeleg å få arbeid
For Mads Glenja var det ikkje enkelt å kome i arbeid. Mens han gjekk på vidaregåande skule, fekk han tilrettelagt jobb i ei bedrift på Osterøy. Men etter skulegangen har det ikkje vore jobb for han.
– Det har vore ein lang prosess over mange år. Eg freista å få tilrettelagt jobb i ei bedrift, men det gjekk ikkje fordi eg sleit med krava til produksjon. Men no har eg funne min nisje, og håpar eg kan få fleire og fleire oppdrag. Det er kjekt å tene sine eigne pengar.
Må engasjere seg
Mads Glenja er ein av 80 000 funksjonshemma i Noreg.
– Svært mange av desse ønskjer å kome i jobb. Styresmaktene må engasjere seg og legge til rette for at funksjonshemma kan få jobbe. Vi må sjå på mogelegheitene og ikkje avgrensingane. Funksjonshemma er ein ressurs. Det at eg har lukkast, håpar eg skal gjere det lettare for andre funksjonshemma å få seg arbeid, seier Mads Glenja.