Godt oppmøte og stort engasjement på frukostmøte om fagopplæring

Over 50 personar deltok på det første av ni frukostmøte om korleis vi skal utdanne framtidas fagarbeidarar. Det er framleis mogleg å melde seg på dei neste møta, som blir haldne på ulike vidaregåande skular.

Foto av lærling som arbeidar i verkstad
SAMARBEID: Det kviler eit gjensidig ansvar på vidaregåande skular og næringslivet når det gjeld å utdanne gode fagarbeidarar for framtida. Foto: Steffen H. Starheim

Det første frukostmøtet fann stad på Måløy vidaregåande skule i Nordfjord. Dette skal vere ein uformell møtestad mellom næringslivet og dei vidaregåande skulane. Det blir servert frukost, samstundes som ein diskuterer opplæring i bedrift, kva som skal til for å skape gode fagarbeidarar for framtida og korleis skape gode samarbeidsarenaer.

Du kan framleis melde deg på frukostmøte, sjå oversikt over tid og stad her.

Gjensidig ansvar

Fylkesdirektøren for opplæring og kompetanse deltok ved Essi Mäki i seksjon for kvalitet i opplæringa. Ho informerte om yrkesfagleg opplæring, ulike vegar til fagbrev, og kva det vil seie å bli og vere lærebedrift. Det er ikkje lenge til elevane no skal søkje seg til både vidaregåande skule opplæring og opplæring i bedrift, og vegen frå elev til lærling var blant temaa på agendaen i Måløy.

Måløy Vekst deltok ved Randi Humborstad, som trekte fram kva behov næringslivet har for fagarbeidarar, og det gjensidige ansvaret som ligg mellom vidaregåande skulane og næringslivet.

– Vi bør synleggjere moglegheitene for arbeid og gjere yrkesfag endå meir attraktivt, og det må vi gjere ilag, sa Humborstad.

Må tilpasse tilbodet til behov i næringslivet

Til slutt hadde Alf Reidar Myrstad, avdelingsleiar og arbeidslivskontakt ved Måløy vidaregåande skule, ei orientering om dei ulike utdanningstilboda ved skulen. Skulane er heilt avhengige av innspel frå og samarbeid med næringslivet for at utdanningstilbod er tilpassa behov i næringslivet. For at elevar skal få fullført vidaregåande opplæring trengst det læreplassar.

Planlegginga av frukostmøta starta før samanslåinga til Vestland, og dei planlagde møta er såleis berre på skular i gamle Sogn og Fjordane. Det kan bli sett opp fleire møte på fleire skular seinare, etter kvart som vi haustar erfaringar med dette.

Foto frå frukostmøte om fagopplæring på Måløy vgs.
GODT OPPMØTE: Over 50 personar deltok på frukostmøtet på Måløy vidaregåande skule, blant andre Karianne Torvanger, som er leiar for hovudutvalet for opplæring og kompetanse (i midten framme).