Gir 36 millionar til breibandsutbygging i 11 kommunar

Hovudutval for næring vedtok i dag å dele ut midlar til å delfinansiere breibandutbygging i område der utbygging ikkje er kommersielt lønsamt.

Ruter med kablar.
VIKTIG SATSING: - Dette er ei stor og viktig satsing som vil føre til kraftig betring av den digitale infrastrukturen i fylket, seier Tor André Ljosland som er leiar i hovudutval for næring. Foto: Shutterstock.

Dette skal gi betre dekning til husstandar og verksemder som i dag har 30 Mbit/s breiband.

- Dette er ei stor og viktig satsing som vil føre til kraftig betring av den digitale infrastrukturen i fylket. Det er framleis fleire stader i Vestland, særleg nord i fylket, som ikkje har godt nok breiband. Etter kvart som den digitale infrastrukturen blir betre utbygd, håpar vi at dette vil bidra positivt til utviklinga av offentlege tenester, nytt næringsliv og forsking i Vestland, seier Tor André Ljosland, leiar i hovudutval for næring.

Han legg til at eit godt breibandtilbod kan spare reiser, mellom anna i samband med møter, og er eit godt klimatiltak.

Handlingsprogram for innovasjon og næringsutvikling i Vestland 2020 understrekar viktigheita av godt breiband og digital infrastruktur i heile fylket.

Statlege midlar

Tilskota til breibandutbygginga blir dekka med øyremerka midlar frå staten som fylkeskommunen tildeler. Den nasjonale ramma er på 406 millionar kroner totalt til breibandsutbygging. Vestland har fått 32,52 millionar av desse frå kommunal og moderniseringsdepartementet (KMD). I tillegg har fylkeskommunen eigne midlar til formålet.

Fylkeskommunen skal no koordinere anbodsprosessen for alle kommunane, før det blir inngått utbyggingskontraktar mellom den enkelte kommune og breibandsleverandøren som vinn anbodet.

Desse får midlar til breibandutbygging:

Breibandutbygging_utdeling av midlar haust 2020.JPG

Summane i tabellen viser maksimaltilskot. Dei kan kan bli justert når endeleg kontrakt for utbygginga ligg føre.

Kan komme ekstra midlar

Dersom det skulle bli meir midlar tilgjengeleg for breibandutbygging, vil midlane gå til søknadane som ikkje nådde opp. Vestland fylkeskommune har laga ei liste over desse søknadane i prioriert rekkjefølge. Dersom det ikkje er mogleg å støtte prosjekta i denne konkurranserunden, må dei søkje på nytt i neste tildelingsrunde. Denne lista utgjer midlar på til saman 10, 5 millionar kroner.

Desse får tilskot dersom ekstra midlar blir tilgjengeleg:

Breibandutbygging_utdeling dersom det kjem ekstra midlar.JPG