Fylkeskommunalt engasjement mot rasisme

– Dette engasjerer oss. Vi vil ha nulltoleranse for rasisme i Vestland fylkeskommune, seier fylkesvaraordførar Natalia Golis etter at administrasjonsutvalet har starta arbeidet med å lage handlingsplan for antirasisme.

MANGFALD: – Vi skal ha ei leiande rolle i antirasistisk arbeid, seier fylkesvaraordførar og leiar av administrasjonsutvalet, Natalia Golis.
MANGFALD: – Vi skal ha ei leiande rolle i antirasistisk arbeid, seier fylkesvaraordførar og leiar av administrasjonsutvalet, Natalia Golis.

–Vi vil ha eit samfunn utan rasisme. Vestland fylkeskommune er framoverlent og skal gå foran og vise veg, seier Golis, som er leiar av administrasjonsutvalet, etter at eit samrøystes utval har bedt om å få utarbeidd eit kunnskapsgrunnlag om antirasisme. Det skal munne ut i eit politisk vedtak for korleis fylkeskommunen skal sikre inkludering, likeverd og auka mangfald.

Antirasistisk sone

Administrasjonsutvalet hadde onsdag 9. september ein grundig gjennomgang og diskusjon rundt antirasisme. Saka starta med eit forslag fremja av Raudt og som vart vedteke i fylkestinget i juni, der Vestland fylke vart erklært som antirasistisk sone. I dette vedtaket fekk administrasjonsutvalet ansvar for å følgje opp arbeidet i eigen organisasjon. Dei to hovudutvala, opplæring og kompetanse, og kultur, idrett og integrering, fekk ansvar for å følgje opp innan sine område.

«Kor er kuløren»

I administrasjonsutvalet innleia nytilsett psykolog i fylkeskommunen, Michelle Farooqui, til debatt om temaet.

– Vedtak om antirasistisk sone kan løfte ei stigmatisert gruppe. Det kan gje høve til anstendig arbeid og til mindre ulikskap. Her kan fylkeskommunen setje fotspor. Då eg byrja i fylkeskommunen, tenkte eg kor er kuløren. Det skurrar litt. Men om eg tenkjer slik, kan andre og gjere det. Vi må tenke gjennom korleis vi skal vise at vi er antirasistiske og kva vi kan gjere for å vere antirasistiske, seier Michelle Farooqui.

Vil ha signaleffekt

Fylkesvaraordføraren meiner det fylkeskommunen gjer, kan bli rollemodell for kva andre kan gjere.

– Vi er mellom dei største arbeidsgjevarane i regionen. Det vi gjer, vil ha signaleffekt og få betydning for verda rundt oss. Vi skal ha ei leiande rolle i dette arbeidet. Held vi fram med ikkje å vere oss dette bevisst, kan vi vere med på å oppretthalde utanforskap og ekskludering. Eit slikt samfunn vil vi ikkje ha, seier Golis.

467 tilsette med innvandrarbakgrunn

Eit av tiltaka som er aktuelt for fylkeskommunen, er å auka tal tilsette med minoritetsbakgrunn. Fylkesdirektør Ingrid Holm Svendsen la fram tal for kor mange med innvandrarbakgrunn det er i fylkeskommunen. Av rundt 6000 tilsette har 467 personar innvandrarbakgrunn. Holm Svendsen understreka at dette gjeld frå alle land, også vestlege land som er i overvekt. Målet er å auke dette talet.

«Blendakvit»

«Vi er ganske blendakvite», gjekk igjen i debatten i utvalet. For å auke talet på tilsette med minoritetsbakgrunn, kan det vere aktuelt å opprette ei eiga trainee-ordning med sirkulasjon på fleire avdelingar. Andre aktuelle tiltak er arbeid mot elevar i den vidaregåande skulen. Det kan vere aktuelt å få hjelp av organisasjonar som NAV, SOS Rasisme og Norsk Folkehjelp i arbeidet.

– Skal vi vere framtidsretta, må vi ha mangfaldig representasjon. Vi må jobbe systematisk og målretta og lage ein konkret plan for å kome vidare. Det kan vere aktuelt å setje ned ei arbeidsgruppe med medlemmer frå dei tre involverte politiske utvala til å koordinere det vidare arbeidet, seier fylkesvaraordførar Natalia Golis.

Denne saka vil kome attende til vidare politisk behandling.