Fylkeshelseundersøking om korona i Vestland

15 000 innbyggjarar i Vestland får denne veka SMS og e-post frå Folkehelseinstituttet om å delta i ei spørjeundersøking om korleis dei er påverka av koronapandemien.

illustrasjon for fylkeshelseundersøking
NÆRKONTAKT: Inneber jobben din nærkontakt med andre menneske, der det kan vere vanskeleg å halde ein meter avstand? Det er eitt av spørsmåla i spørjeundersøkinga som frå i dag av går ut til innbyggjarar i Vestland.

Vestland er eitt av fire fylke som er plukka ut til å vere med i undersøkinga. Dei andre er Oslo, Agder og Nordland. Målet for Folkehelseinstituttet (FHI) er å finne ut om folk følgjer smittevernråda om hygiene og avstand. Undersøkinga inneheld i tillegg spørsmål om korleis folk opplever situasjonen under koronaepidemien. Her blir det spørsmål om livskvalitet, arbeidssituasjon psykisk helse.

– Vi håpar å få svar på om det er forskjellar mellom ulike grupper i befolkninga og mellom landsdelar. Slik kunnskap vil vere til hjelp når smitteverntiltak skal utformast, seier Camilla Stoltenberg, direktør for FHI.

illustrasjon fylkeshelseundersøking
KARANTENE: Eitt anna spørsmål i undersøkinga er om du har venner som har blitt bedt om å halde seg i karantene på grunn av fare for at dei har blitt smitta.

Viktige svar for Vestland

Vestland er plukka ut til å delta i undersøkinga fordi dette er ein del av Noreg der koronapandemien har råka befolkninga kraftig. Svara vi får her, vil vere viktige også for samfunnsplanlegginga i fylkeskommunen og kommunane framover. Fylkesordførar Jon Askeland håpar dei som får undersøkinga tilsendt, tek seg tid til å svare.

– Vi er veldig spente på korleis folk har handtert nedstenginga og konsekvensane. Vi veit at nærmiljø og arbeid er viktig for folk. Gjennom denne undersøkinga kan vi få svar som kan styrke arbeidet vårt med samfunnsutvikling og bidra til å målrette tiltaka våre, seier Askeland.

Liknande undersøking i sommar

FHI gjennomførte ei liknande undersøking i Agder og Nordland i juni. Resultata viste at det var små endringar i livskvalitet, samanlikna med situasjonen før epidemien.

– I juni gjekk epidemien i Noreg tilbake, og samfunnet opna opp. No er vi i ein heilt annan situasjon. Epidemien har vart lenger, det er aukande smittetal, og delar av samfunnet stenger ned, seier Camilla Stoltenberg, direktør for Folkehelseinstituttet.

illustrasjon fylkeshelseundersøking
MØTEPLASSAR: Trening heime eller på treningssenter? lurer Folkehelseinstituttet, og spør om du på fritida har unngått møteplassar med mange personar samla på ein stad.

Svara kan vere med å betre tiltaka

Det tek om lag 20 minutt å svare på undersøkinga. Resultata vil komme til god nytte i det vidare arbeidet for å avgrense koronapandemien i Noreg og for å betre tiltaka. Dei vi òg vere viktige neste gong landet vårt står ovanfor eit nytt skadeleg virus.

Folkehelseinstituttet samarbeida med Hordaland fylkeskommune om ei stor folkehelseundersøking i Hordaland i 2018. Same undersøkinga blei gjennomført i Sogn og Fjordane i 2019. Saman med resultata frå desse undersøkingane vil koronaundersøkinga gi viktige bidrag til kunnskapsbasen til fylkeskommunen. Dette er kunnskap som dannar grunnlaget for utviklingsplanen, folkehelseoversikter, utvikling av regionale planar og folkehelsearbeidet i fylket.

Alle svara blir behandla anonymt og vil inngå i arbeidet til både Folkehelseinstituttet og fylkeskommunen sine innsatsar for å handtere pandemien best mogleg.

Om fylkeshelseundersøkingar på nettsida til FHI.