Over 191 millionar kroner til idrettsanlegg

Vestland fylkeskommune har eit mål om at alle i fylket skal ha sjansen til å vere fysisk aktive kvar dag. Gode anlegg for idrett og friluftsliv er viktig for å nå målet, og spelemidlane er eit viktig verkemiddel. I år fekk Vestland over 191 millionar.

illustrasjonsfoto av fotball som treff nettet
IDRETTSANLEGG: Kunstgrasbaner, friidrettsanlegg, skisenter og skytebaner over heile fylket er blant anlegga som har fått støtte i årets fordeling av spelemidlane i Vestland.

– Spelemidlane er avgjerande for å byggje fleire flotte idrettsanlegg og anlegg for fysisk aktivitet over heile Vestland, slik at alle kan ha gode idrettsopplevingar uansett kor ein bur. Fysisk aktivitet er god folkehelse og skapar sterke fellesskap i små og store lokalsamfunn. Lågterskeltilbod reduserer skilnadar mellom folk, og vi veit at idretten er eit av dei beste integreringsarenaene vi har. Eg er skikkeleg glad for at fylkeskommunen kan vere med på å skape betre lokalsamfunn i heile Vestland, seier Stian Davies, som leiar hovudutval for kultur, idrett og integrering.

Overskotet frå Norsk Tipping

Hovudutvalet fordelte dei 191 millionane fylket har fått i spelemidlar i møtet 4. juni. Det er Kulturdepartementet som løyver spelemidlane, som er overskotet frå dei ulike spela til Norsk Tipping, til fylka.

Kommunar, lag og organisasjonar søkjer om midlar til konkrete anlegg, og fylkeskommunen samordnar søknadane. Blant tiltaka som får støtte i år er bygging og rehabilitering av symjebasseng, friidrettsanlegg, kunstgrasbaner, skisenter og skytebaner.

Bergen får mest

Bergen er, naturleg nok på grunn av størrelse, den kommunen i Vestland som får den største delen av årets spelemidlar. Kommunen får til saman 32,4 millionar kroner – 31,5 millionar til ordinære anlegg og nesten 900 000 til nærmiljøanlegg.

Kommune nummer to og tre på lista over årets spelemiddeltildeling i Vestland er Øygarden kommune, som får 14,5 mill. kr og Sunnfjord kommune, som får 13,8 mill. kr. Begge er nye storkommunar som vart samanslegne av fleire mindre kommunar ved nyttår i år.

Fekk mindre enn budsjettert

Vestland fylkeskommune fekk i år 24,5 millionar mindre i spelemidlar enn budsjettert. Årsaka til det er ein lågare godkjent søknadssum frå fylket og ein reduksjon på 74 mill. kr til kommunane i hovudfordelinga frå Kulturdepartementet.

– I tillegg bad Kulturdepartementet fylka om å prioritere søknadar frå lag og foreiningar. Såleis har årets fordeling av spelemidlar til idrett og fysisk aktivitet har vore ekstra utfordrande. Konsekvensen er blant anna at ikkje alle friluftsanlegg fekk støtte, seier Per Morten Ekerhovd, som er fylkesdirektør for kultur, idrett og inkludering.

I møteboka for hovudutvalsmøtet 4. juni kan du sjå kva anlegg som har fått spelemidlar i denne runden.