Folkehelsestatistikk frå Vestland i ny interaktiv løysing

Ei ny statistikkløysing med interaktive kart er eit heilt nytt tilbod til alle som bruker statistikk frå fylket. No kan kommunar, media, politikarar og andre bruke karta til å bryte data ned til både kommune- og bydelsnivå. Sjå heilt ny data om korleis det står til med folkehelsa i Vestland i forhald til resten av landet.

INTERAKTIVT: Du kan sjølv velge det du vil se på av statistikk og samanlikningar.
INTERAKTIVT: Du kan sjølv velge det du vil se på av statistikk og samanlikningar.

Først ut i denne nye løysinga er statistikken over folkehelsearbeidet. Førre veke publiserte Folkehelseinstituttet sitt folkehelsebarometer for fylka. Med det som utgangspunkt har Vestland fylkeskommune no laga ei samla oversikt over resultata og overført det til interaktive kart for alle 43 kommunane i Vestland fylke, for bydelane i Bergen og for fylka i landet.

– Folkehelsebarometeret er ein oversiktleg og nyttig publikasjon frå Folkehelseinstituttet, men vi har vidareutvikla barometeret til ein ny plattform slik at vi kan tilby samla oversikt for kommunane i Vestland slik at dei enklare kan nytte seg av dataene, seier Mie Dahl Pind, analyserådgjevaren bak løysinga. 

Lovpålagt oppgåve

Fylkeskommunane har ei lovpålagd oppgåve å støtte kommunane slik at dei kan få oversikt over folkehelsa. Vestland fylkeskommune er no langt framme med å finne fleire nye arbeidsverktøy. Eit mål er å lette kommunane sitt arbeide slik at dei kan nyttiggjere seg informasjon frå offentlege statistikkbankar og informasjon frå fylkeskommunen på ein lettare måte.  

– Vi har tenkt at designet skal vere brukarvenleg slik at informasjonen blir lett tilgjengeleg for alle. I denne første interaktive oversikten håper vi å presentere statistikk som vil vere eit nyttig verktøy for folkehelsekoordinatorar, politikarar, leiarar, planleggar, og andre til å raskt å få overblikk over folkehelsesituasjonen i kommunane og i fylket.  

Få tastetrykk – stor oversikt

I den nye løysinga er det lett å få oversikt over tendensar og utviklingstrekk. 

I karta viser vi om bydelanekommunane og fylka skil seg signifikant frå landssnittet. Du kan sjå tala bak og utvikling for kvar bydel/kommune/fylke med få taste-trykk. Verktøyet viser også utviklinga dei siste åra og kan dermed gje ein peikepinn på om utviklinga i kommunane skuldast lokale tilhøve eller om dei føl nasjonale og regionale trendar, seier Pind. 

Sosial berekraft som tema

Årets folkehelseprofilar har sosial berekraft som tema, og tre av indikatorane for sosialt berekraftige lokalsamfunn er nye i år. Desse er også relevante for det pågåande arbeidet med utviklingsplan for Vestland. 

Det er mykje som er bra i Vestland og som held seg på eit stabilt nivå. På mange av indikatorane – så mange som 17 av 34 – ligg Vestland signifikant betre an enn landet. 

Her gjer Vestland det betre enn landsgjennomsnittet  

Her er likevel grunn for å ha merksemd også på dei områda der fylket ligg godt an: 

  • Når det gjeld del av befolkninga med vidaregåande eller høgare utdanningligg fylket ligg godt an, men delen har blitt jamt lågare sidan 2014. Dette er likt med landet. 
  • Delen hushald med låg inntekt har auka i perioden, sjølv om fylket her er betre enn landssnittet. 
  • For luftkvalitet (svevestøv) har Vestland lagt lågare enn landet i eksponering i 2016, 2017 og 2018. Likevel er eksponeringa høgare i 2018 enn i dei to føregåande åra. 
  • Valdeltakinga har vore høgare enn landet i Vestland i 2015 og i 2019. Med regionreform og kommunesamanslåing er det likevel grunn til å følge med på utviklinga over tid. 
  • På tre indikatorar; muskel- og skjelettlidingar, del 5-åringar utan karieserfaring ( null hol) og vaksinasjonsdekning for meslinger, er utviklinga positiv over tid og med ei betre utvikling enn landet. Dette gjeld også fråfall i vidaregåande skule. Men sistnevnte er eit døme på eit område der landssnittet ikkje nødvendigvis representerer eit ønska nivå. Sjølv om Vestland scorer betre enn landet, er talet likevel høgare enn ønska. 

Her er Vestland dårlegare enn landet forøvrig 

Det er også område der Vestland ligg dårlegare an enn landet: 

  • Lågaste meistringsnivå lesing 5. klasse. Sjølv om utviklinga er noko positiv (27% i 2016/2017), er det framleis ein fjerdedel av 5. klassingane i Vestland som presterer på lågaste nivå i lesing. 
  • Del knytt til vassverk. Så lenge vasskvaliteten og den private oppfølginga er god, treng ikkje dette vere eit problem. Denne variabelen er derfor ikkje fargekoda (raud/ gul/ grøn), eller signifikanstesta. 
  • Hudkreft, nye tilfelle. Her ligg Vestland markant høgare enn landet med ein auke særskilt etter 2015. Årsaka til dette er ikkje undersøkt. Folkehelseinstituttet vurderer kvaliteten på desse tala som svært god. Merk at det her er justert for alder, slik at denne skilnaden ikkje kan tilskrivast høg alder i befolkninga. 
  • Hjarte- og karsjukdom. Her har utviklinga over tid vore positiv. Vestland føl utviklinga til landet, sjølv om vi ligg jamt signifikant høgare. Merk at det her er justert for alder, slik at denne skilnaden ikkje kan tilskrivast høg alder i befolkninga. 
  • Også når det gjeld antibiotikabruk på resept føl Vestland utviklinga til landet, sjølv om vi ligg jamt signifikant høgare. 

Meir statistikk i same løysing 

Stian Skår Ludvigsen er seksjonssjef for seksjon for statistikk, kart og analyseHan  viser til at dette er ei ny løysing for seksjonen, og han vil setje stor pris på tilbakemeldingar frå brukarane på korleis dei opplever løysinga:  

– Vi har gjennom mange år levert statistikk til kommunar og andre som treng det i sin planlegging. No er eg glad for å si at fleire av fylkeskommunen sine rapportar vil kommi interaktive format framover. Samstundes med publiseringa vår av folkehelsebarometeret, har Vestland fylkeskommune ved avdeling for innovasjon og næring publisert regional arbeidsmarknads- og kompetansestatistikk i dette interaktive formatet. Og den statistikken er enda meir omfattandeseier Ludvigsen.