Feira 10 år for den største suksessen i Bergen

– Vi skal i dag markere ein av dei aller største suksessane dei siste åra, sa fylkesordførar Jon Askeland då Bybanen feira 10 årsjubileum fredag 19. juni.

FEST: Bybanen markerte 10 årsdagen ved haldeplassen på Nygård. Alle bybanevognene er pynta med jubileumsflagg i ei veke.
FEST: Bybanen markerte 10 årsdagen ved haldeplassen på Nygård. Alle bybanevognene er pynta med jubileumsflagg i ei veke.

Feiringa skjedde på Nygård haldeplass der bybanevognene var pynta, hadde fått jubileumsflagg, og muffins vart delt ut til dei reisande. I tillegg til fylkesordførar, deltok ordførar Marte Mjøs Persen, byrådsleiar Roger Valhammer og andre sentrale personar.

Typisk bergensk

– Bybanen er typisk bergensk. Den er Bergen på sitt beste, med entusiasme og engasjement, med debattar både for og imot. Bybanen hadde trong fødsel. Det var enorm motstand frå det offentlege med Statens vegvesen først og framst. Byrådsleiar Anne-Grete Strøm-Erichsen var usikker, men sa «la oss begynne med Nesttun da». I dag er Bybanen ryggraden og den største suksessen vi har i kollektivtrafikken, sa Askeland.

– Bybanen er Bergen på sitt beste, sa fylkesordførar Jon Askeland under feiringa av 10 årsdagen for Bybanen, på haldeplassen ved Nygård. Med på festen var mellom anna ordførar Marte Mjøs Persen, byrådsleiar Roger Valhammer, fylkesvaraordførar Natalia Golis og andre.
– Bybanen er Bergen på sitt beste, sa fylkesordførar Jon Askeland under feiringa av 10 årsdagen for Bybanen, på haldeplassen ved Nygård. Med på festen var mellom anna ordførar Marte Mjøs Persen, byrådsleiar Roger Valhammer, fylkesvaraordførar Natalia Golis og andre.

Neststørst i landet

Bybanen har gjort Skyss til det nest største kollektivselskapet i landet, etter Ruter i Oslo. Vy er mindre.

– I fjor hadde vi ein vekst med Bybanen på 16 prosent. Vi må få Bybanen til Åsane fortast mogeleg. Då blir den meir fleksibel, og vi kan få hyppigare avganger. Bybanen har endra Bergen og kjem til å endre Bergen endå meir. Der Bybanen kjem, blir det ei enorm utvikling. I sør har vi fått ein vekst som ikkje hadde kome utan Bybanen, sa fylkesordførar Jon Askeland.

Bybanen har bygd byen

Ordførar Marte Mjøs Persen sa at det er ingenting som har endra Bergen meir enn Bybanen.

– Sjølv vi som var ivrige forkjempar, hadde ikkje trudd at det skulle bli ein så stor suksess, ikkje berre i tal reisande, men og korleis Bybanen har vore med på å bygge byen. Vedtaket om Bybanen er det viktigaste vedtaket som bystyret har gjort. Men det er først når vi får ein heilskapleg trase nord-sør, vi kan utnytte det fulle potensialet. No er motstandarar den gongen blitt ivrige reisande og forkjemparar for Bybanen, sa ordførar Marte Mjøs Persen.

Påstigande passasjerar fekk muffins av fylkesordførar Jon Askeland, ordførar Marte Mjøs Persen og byrådsleiar Roger Valhammer.
Påstigande passasjerar fekk muffins av fylkesordførar Jon Askeland, ordførar Marte Mjøs Persen og byrådsleiar Roger Valhammer.

Hatt enorm utvikling

Byrådsleiar Roger Valhammer hadde og helsing.

– Det er 10 år sidan opninga. Det viser kor fort det har gått. Vi har hatt ein enorm utvkling desse 10 åra. Vi kan ikkje stoppe i Fyllingsdalen. Vi må halde fram. No føler vi at Bybanen er Bergen, sa byrådsleiar Roger Valhammer.

I desse 10 åra har meir enn 100 millionar passasjerar reist med Bybanen. I fjor var det 18,7 millionar påstigingar, ein vekst på heile 16 prosent frå året før. I 2019 var det i snitt nær 60 000 daglege påstigingar på kvardager.

Feiring ei veke til ende

Bybanen 10 år blir feira ei heil veke med flagg, 10 pynta bybanevogner og 10 pynta haldeplassar.