Fare for busstreik frå laurdag 26. september

Det er varsla at busstreiken vil bli utvida til Vestland frå laurdag 26. september. Dersom dette skjer, vil det få omfattande konsekvensar for busstilbodet i heile Vestland frå og med laurdag morgon.

foto av bussar i trafikken i Bergen
OMFATTANDE KONSEKVENSAR: Det blir ingen avgangar med Skyss-bussane i bergensområdet dersom det blir streik. Bybanen vil gå som normalt. I resten av fylket vil det gå få ruter.

Dersom det blir streik, blir det ingen avgangar med Skyss sine busser i bergensområdet (ruteområda Bergen sør, Bergen sentrum, Bergen nord, Vest og Nordhordland). I resten av Vestland vil det gå nokre få enkeltturar i nokre ruteområde. Ei liste vil bli lagt ut over dei avgangane dette gjeld på skyss.no og kringom.no så snart desse er klare.

Digital ruteinformasjon (appen Skyss Reise og sanntidstavler) vil ikkje bli oppdatert med innstilte avgangar, men vi vil leggje ut generell informasjon om streik i alle våre kanalar.

Vi oppfordrar til å reise minst mogleg dersom det blir busstreik. Tilsette i Bybanen er ikkje omfatta av streiken, og Bybanen vil gå som planlagt. Det er grunn til tru at det kan bli meir trengsel på Bybanen enn vanleg. Av omsyn til smittesituasjonen oppmodar vi alle om å unngå å reise, og dersom ein likevel må reise, ber vi om å nytte munnbind, også utanom rush.

Vi vil oppdatere skyss.no og kringom.no fortløpande om status for streik/ikkje streik.