Fann mellomalderhus i Nærøyfjorden

Nyleg vart dette eldhuset på Bakka i Nærøyfjorden datert til 1270-talet. Det er dermed det eldste ikkje-kyrkjelege mellomalderhuset vi har datert i Vestland fylkeskommune så langt.

foto av eldhus på Bakka i Nærøyfjorden
ELDHUS FRÅ MELLOMALDEREN: Eldhuset på Bakka er no demontert for reparasjon, men skal vere på plass att i 2021. (Foto: Vestland fylkeskommune)

– Kulturarven i Vestland fylke er rik og mangfaldig, og framleis finn vi mellomalderhus som ikkje er registrerte. Vi finn ikkje noko merkesystem på stokkane på eldhuset, noko som betyr at det sannsynlegvis har vore bygd på staden der det står no, fortel Stig Nordrumshaugen, seniorrådgjevar i seksjon for kulturarv.

Demontert for reparasjon

Eldhuset er datert til mellomalderen ved hjelp av årringsdatering. Det vart mogleg då eigaren av bygget søkte fylkeskommunen om tilskot til å setje det i stand. Bygget fekk tilskot, vart demontert, og det vart så mogleg å ta prøvar av kvar enkelt stokk. Slike årringsprøvar var ikkje mogleg å ta så lenge huset stod oppe.

Bygningen har stått utan kledning i om lag 100 år, og tilstanden er dårleg på mange av stokkane. Eldhuset er no demontert for reparasjon, og vil få eit betre vern når det kjem oppatt på Bakka neste år.

Vanskeleg å datere utifrå byggeskikk

Det «nye» mellomalderbygget på Bakka kan opphavleg ha vore ei årestove. Det har eitt rom, og dei utvendige måla er 4,7 x 5,2 meter.

Byggeskikken på eldhuset, med trapesforma sviller og maga veggstokkar, er frå mellomalderen, men heldt seg i hevd på Vestlandet til langt ut på 1600-talet. Det er difor vanskeleg å datere slike hus berre utifrå byggeskikk.

Bygget har heller ikkje andre bygningsdetaljar som handdregne profilar på tømmer, beitski eller taktro som kan indikere om det er frå før eller etter reformasjonen. Det måtte difor årringsdatering til for å slå fast at eldhuset på Bakka er frå siste halvdel av 1200-talet.