Endeleg fagbrev for elevar i dyrefaget

– Eg har alltid likt å jobbe med dyr, seier Sebastian Wollertsen. Han går vg2 hundefag på Stend vidaregåande skule og vil gå i lære i dyrefaget. Stend blir første skule i landet med utdanning som fører fram til fagbrev i faget.

SKAL BLI HUNDEFØRAR: Sebastian Wollertsen trener søk etter lukt med hund på Stend vidaregåande skule.
SKAL BLI HUNDEFØRAR: Sebastian Wollertsen trener søk etter lukt med hund på Stend vidaregåande skule.

Men læreplassar i dyrefaget er ikkje heilt på plass enno. Det er fagfornyinga neste år som opnar for at Stend skal utdanne elevar som kan bli lærlingar i dyrefaget. Lektor Randi Helene Tillung på Stend har jobba for å få dyrefaget godkjent for fagbrev.

– Dei nye læreplanane blir godkjent neste år, og dei første elevane kan kome i lære i 2022. Men bransjen har stort behov for fagfolk og kan ikkje vente så lenge. Stend har difor søkt om å få vere ein pilot og starte med lærlingar alt neste år. Vi har stor tru på at søknaden vår går igjennom, seier Tillung.

Lisa Linn Lorentzen (f.v.) er kontaktlærar på vg2 dyrehelse der mellom anna Stine Eide, Charlene Barraza og Patrick Solheim er elevar. Mange av dei vil gå ut i lære og ta fagbrev.
Lisa Linn Lorentzen (f.v.) er kontaktlærar på vg2 dyrehelse der mellom anna Stine Eide, Charlene Barraza og Patrick Solheim er elevar. Mange av dei vil gå ut i lære og ta fagbrev.

80 elevar

Dette skuleåret har Stend om lag 80 elevar i dyrefaget. Sebastian Wollertsen ser fram til å kome i lære.

– Eg ønskjer å gå i lære på Forsvarets hundeskole og bli hundeførar. Dei patruljerar grensa med hund. Det er ein jobb eg har lyst å ha. Eg har hatt dyr frå eg var liten og fått interesse for hund og det å trene hund. Du kan stole på ein hund. Han tilgir deg med ein gong. Hunden er som ein del av familien din. Du blir knytt til den. Eg har lyst til å jobbe med hund resten av livet, seier Wollertsen.

Lektor Randi Helene Tillung ved Stend vidaregåande skule har endeleg lukkast å få dyrefaget godkjent for lærlingar og fagbrev. Sebastian Wollertsen er ein av dei første som skal ta fagbrev i hundefaget.
Lektor Randi Helene Tillung ved Stend vidaregåande skule har endeleg lukkast å få dyrefaget godkjent for lærlingar og fagbrev. Sebastian Wollertsen er ein av dei første som skal ta fagbrev i hundefaget.

Super skule

Sebastian Wollertsen har vakse opp med hund, katt, akvariefisk og skilpadder. I dag har han to hundar som han nyttar i treninga og utdanninga på Stend.

– Som del av undervisinga har vi valpekurs for folk som eig hund. Dette er ei ungdomsbedrift. Her på skulen lærer vi korleis dyr er, korleis vi skal lese dei og trene dei. Vi har mykje om alle typar hund, pluss teori og dyrehelse. Skulen her er super. Kvar hund har eit eige, lite husvære med sofa og bur, og vi har to hallar til å trene i med godt underlag. Eg er og utplassert to dagar i veka hos ein hundetrenar. Då trenar vi redningshund og gjer spesialsøk etter lukt, seier Sebastian Wollertsen.

Dyrefaget er ein populær linje på Stend med rundt 80 elevar.
Dyrefaget er ein populær linje på Stend med rundt 80 elevar.

Vil bli veterinær

Stine Eide går vg2 dyrehelse og jobbar med smådyr.

– Planen min er å gå i lære og ta fagbrev. Eg var omgitt av mange forskjellige dyr i oppveksten. Det var tilflukt i tunge tider. Eg føler ein tryggleik med dyr som eg ikkje får andre stader. Det er veterinær eg har lyst å bli, men først vil eg ta fagbrev, få praktisk erfaring og bli klinikkassistent, seier Stine Eide som har utplassering i dyrebutikk.

Vil jobbe med dyr

Charlene Barraza er og elev på vg2 dyrehelse.

– Eg synest vi har det fint her på skulen. Vi er med dyra heile tida, og det blir eit sakn å slutte her. Eg vil og gå i lære og jobbe med dyr. Her har vi marsvin, kaniner, og babykaniner, masse gnagarar, hamsterar, fisk, reptiler, slanger, øgler skiilpaddar. Vi har alt som er lovleg å ha i norske heimar og som er enkle å stelle og ta vare på, seier ho.

Patrick Solheim vil derimot ikkje ut i lære.

– Eg satsar på påbygg, slik at eg får studiekompetanse og kan utdanne med til marinbiolog. I utplasseringa jobbar eg i eit selskap innan industriteknologi som forskar på laks og oppdrett, seier Solheim.

Dyrefaget er kundeorientert

Lisa Linn Lorentzen er kontaktlærar for vg2 dyrehelse.

– Til no har vi hatt same overordna læreplan for alle i faget. Men neste år kjem det ny spesifikk læreplan i dyrefaget med fagfornyinga som gjer at elevane våre kan gå ut i lære. Då får vi godkjent læreplanar i hundehald og dyrehelse som vi sjølv har utarbeidd. Den er meir kundeorientert for vi skal yte service og gje god kundebehandling, seier Lorentzen.

Krevjande søknadsprosess

Like sidan 2008 har Randi Helene Tillung jobba for å få dyrefaget godkjent for fagbrev.

– Det har vore ein krevjande søknadsprosess som no endeleg går igjennom. Bransjen står klar til å ta imot lærlingar, og vi har skrive samfunnskontrakt med fleire store bedrifter i dyrebransjen, mellom anna ein landsdekkande dyreklinikk som kan ta imot inntil 45 lærlingar neste haust. Denne samfunnskontrakten dannar grunnlag for søknaden til utdanningsdirektoratet om å starte opp før, understrekar Tillung.

Er blitt ei urban næring

Stend er einaste vidaregåande skule i landet som har søkt om smådyr som programfag og læreplassar.

– Men vi reknar med at det kjem fleire skular etter kvart. Dette er blitt ein urban næring. Dyrehald er knytt til oppdragsgjevarar som tollvesenet, politi, kriminalomsorg, klinikkassistent, medarbeidar i dyrebutikk, dyrepark, hundebarnehage og hundeskule. Det er mange høve for jobb, og etterspurnaden er stor, seier Randi Helene Tillung ved Stend vidaregåande skule.