Elevane skal vere mest mogeleg på skulen

– Vi prioriterer elevar på vg1 og elevar som skal ha undervising på verkstad og laboratorium, sa fylkesdirektør for opplæring og kompetanse, Bjørn Lyngedal, på orienteringsmøtet til fylkesutvalet 17. november om koronapandemien.

PRIORITERT: Elevar som jobbar i verkstader og laboratorium blir prioritert på skulen, saman med alle elevar i vg1.
PRIORITERT: Elevar som jobbar i verkstader og laboratorium blir prioritert på skulen, saman med alle elevar i vg1.

Fylkesordførar Jon Askeland kalla inn til eit ekstramøte i fylkesutvalet, slik at politikarane kunne bli orientert om utviklinga i koronapandemien og kva innverknad den har på dei fylkeskommunale tenestene. Spesielt situasjonen til elevane, vart drøfta. Målet er at elevane skal vere mest mogeleg på skulen, sjølv om mange av skulane no har raudt nivå.

– Alle elevar skal vere på skulen jamleg, minst to til tre dagar i veka, gjerne meir. Digital undervisning heime er unntaket når det ikkje er mogeleg å ha elevane på skulen, sa Lyngedal.

RAUDT NIVÅ: Fylkesutvalet hadde digitalt møte og vart orientert om utviklinga i koronapandemien.
RAUDT NIVÅ: Fylkesutvalet hadde digitalt møte og vart orientert om utviklinga i koronapandemien.

Nye timeplanar 

På mange av dei vidaregåande skulane i fylket er det nødvendig å ha halvparten av elevane på skulen og den andre halvparten heime med digital undervising.  

– Vi legg det opp slik at elevar som er heime, skal kunne følgje den same undervisinga på skulen til same tid. Nye timeplanar er laga for mange av klasseromma er for små til at alle kan vere der samstundes når vi skal halde avstand på ein meter. Ein klasse kan difor bli delt over to klasserom.  

Glade for å vere på skulen 

25 av dei 45 vidaregåande skulane i Vestland er no på raudt smittenivå. Det er skulane i Bergen og sju nærkommunar.

– Tilbakemeldingane vi får, er at elevane er veldig glade for å kunne kome på skulen og ønskjer å vere der. Men vi har og nokre elevar som er engstelege og som vi må ta omsyn til. Vi ønskjer minst mogeleg bruk av munnbind på skulen, men dei som vil bruke dette, kan det.   

Låg smitterisiko på skulane  

Bjørn Lyngedal meiner smitterisikoen er låg på skulane våre.  

– Ca halvparten av skulane har hatt smitte, men på dei fleste er det få eller ingen tilfelle. Ingen får udokumentert fråvær om dei er vekke om det er stadfesta av føresette. Det er ikkje krav til dokumentasjon frå lege ut dette skuleåret, understrekar Lyngedal. 

Privatisteksamen 

Privatisteksamen går som planlagt framover.  

– Vi skal ha om lag 10  000 privatisteksamenar. Desse blir prioritert og går som planlagt alle stader og i samsvar med smittevernreglane. Eg har sjølv vore til stades i Grieghallen og sett at den blir gjennomført godt og trygt. Privatisteksamen er viktig å gjennomføre, elles må kandidaten vente eit heilt år til neste gong, sa fylkesdirektør Bjørn Lyngedal.  

Følgjer nasjonale og lokale føringar 

Fylkesordførar Jon Askeland understreka at vi framleis er i ein situasjon med høge smittetal.  

– Det er mest sannsynleg at inngripande tiltak vil blir forlenga enn avslutta i neste veke. Vi har tett dialog med Bergen kommune og nabokommunane. Vi gjer vurderingane våre i samarbeid med dei, understreka Askeland.  

Fylkeskommunen følgjer nasjonale og lokale føringar, og inntil vidare gjeld noverande tiltak til og med måndag 23. november.