Døypte nasjonalbåten på nasjonaldagen
– Dette er nasjonalbåten i Noreg, sa fylkesvaraordførar Natalia Golis under dåpen av to oselvarar på Vågen i Bergen 17. mai. Båtane er bygt ved Oselvarverkstaden i Os og skal brukast av idrettslaget Kvernbit i Alver som turbåtar, til segling og roing.
– Ingenting passer vel betre enn å døype to eksemplar av Noregs nasjonalbåt, Oselvaren, på nasjonaldagen her i Bergen. Oselvaren er Noregs nasjonalbåt og bygging, og bruk av Oselvaren vart i 2016 innført i UNESCO sitt register over gode vernepraksisar for immateriell kulturarv, sa Golis.
To gudmødre
Dei to oselvarane hadde kvar sin gudmor. Fylkesvaraordføraren døypte den eine, mens Mathilde Gabrielsen Vikene, rådgjevar i Forbundet Kysten, døypt den andre. Begge var ikledd bunad og brukte eit stort ausekar til sjølve dåpshandlinga.
Batt landet saman
– Slike båter har vore svært viktige for å binde saman landet vårt. I heimkommunen til båtane, Alver, viser arkeologiske funn av båtdelar at vestlendingane rodde alt for to tusen år sidan. Også her i Vågen var slike båtar eit veldig vanleg syn. Vi finn referert i Magnus Lagabøtes bylov for Bergen frå 1276 at det var lov til å selje fersk laks frå båtane. Strilane fiska i fjordane og rodde inn til Torget der dei selte fisk og andre varer. Slik var livet gjennom mange hundreår her. Desse to båtane er også blitt rodd hit i høve 17. mai og dåpen, sa Golis.
Jordmorbåt og kyrkjebåt
Dei to båtane er bygde av levande materialar, eik og furu, og har tre par årer, til saman seks årer, på kvar båt. Derfor er dette ei seksæring.
– Dei vart også kalla jordmorbåten fordi jordmora ofte vart rodd i stor fart når ho skulle ta imot eit nytt barn, eit nytt liv. Som kyrkjebåt var seksæringen sentral ved dei store markeringane gjennom livet: dåp, konfirmasjon og bryllup. Også ved livets avslutning var det igjen seksæringen som frakta kista til gravstaden, sa fylkesvaraordførar Natalia Golis.
Segling og roing
Sjølve dåpen fann stad ved Kommandanttrappen, like nedanfor Rosenkrantztårnet. Dei to oselvarane tilhøyrer ro- og seglgruppa til IL Kvernbit. Dei skal nyttast som turbåtar til segling og roing, både i idrettslaget og til undervising for barn og unge ved skulane i Alver kommune. Kvernbit er i gang med å etablere fellesnaust i Flatøyosen til båtane. Oselvarane er finansiert gjennom Forbundet Kysten og Sparebankstiftelsen DNB.