Digitalt laboratorium imponerte statsråden

– Dette var veldig kult, seier statsråd Henrik Asheim etter å ha fått omvising i tre av dei tipp-topp moderne laboratoria på Fagskolen i Hordaland. Han fekk mellom anna sjå det nye digitale laboratoriet der studentane simulerer produksjon av mobiltelefonar ved hjelp av robotar.

FANTASTISK GØY: Statsråd Henrik Asheim fekk orientering om det digitale laboratoriet til Fagskolen i Hordaland der studentane Jørgen Mo (t.v.) og Dag Endre Waage simulerer industriell produksjon med datamaskin og robotar.

Asheim er forskings- og høgare utdanningsminister og fekk først omvising i det digitale laboratoriet som vart installert i sommar. Det er ein virtuell-fysisk fabrikk der studentane programmerer robotar til å lage det ferdige produktet i ein produksjonslinje på samleband. I tillegg fekk statsråden omvising i kraftproduksjonslaboratoriet og laboratoriet for klima, energi og miljø.

Den virtuelle-fysiske fabrikken er utvikla etter «industri 4.0». Det betyr at den brukar robotteknologi på ein intelligent og smart måte.
Den virtuelle-fysiske fabrikken er utvikla etter «industri 4.0». Det betyr at den brukar robotteknologi på ein intelligent og smart måte.

Jobbar praktisk

– Det har vært fantastisk gøy å sjå noko som er så arbeidsrelevant. Her har fagskulen klasserom som er miniatyr av det vi skal jobbe med i industrien. Studentane får lov til å jobbe praktisk innafor område vi har bruk for framover som robotifisering, kraftsystem, som vi veit blir meir og meir komplisert, og med smarte bygningar som kan bli drifta meir effektivt, kan spare energi og kutte utslepp, seier Henrik Asheim.

Mobiltelefonen i produksjon på transportbandet. I alt skal den innom ni stasjonar før den er ferdig.
Mobiltelefonen i produksjon på transportbandet. I alt skal den innom ni stasjonar før den er ferdig.

Viktig med innspel direkte til statsråden

Ein stolt rektor Torbjørn Mjelstad viste statsråden rundt på fagskulen på Nordnes.

– Det er utruleg viktig å få vist fram laboratoria og det vi driv med. Og det er viktig for statsråden å sjå kva vi brukar pengane på. Vi får ein god del pengar frå staten. Og så er det nyttig å kome med innspel om kva vi treng meir av, både utviklingsmidlar og korleis vi skal bygge fagskulen for morgondagen. Det er viktig å gje desse innspela direkte til statsråden, seier rektor Torbjørn Mjelstad.

To mobiltelefonar er ferdig produsert av robotane i den virtuelle-fysiske fabrikken.
To mobiltelefonar er ferdig produsert av robotane i den virtuelle-fysiske fabrikken.

Robotar gjer jobben

Det digitale laboratoriet til fagskulen er ein virtuell-fysisk fabrikk der studentane kan simulere produksjon av alt mogeleg. Først programmerer studentane produksjonen på datamaskin. Deretter køyrer dei heile prosessen virtuelt på skjerm for å sjå korleis den fungerer. Så bruker studentane det ferdige dataprogrammet til å lage det fysiske produktet. Ingenting av den fysiske produksjonen skjer med hender. Alt er programmert, og robotar gjer jobben. Programmeringa og styringa kan skje via datamaskin frå kvar som helst i verda.

Robotarmar har erstatta menneskelege hender i produksjonen. Det kan gje store innsparingar.
Robotarmar har erstatta menneskelege hender i produksjonen. Det kan gje store innsparingar.

Superspennande

I det digitale laboratoriet orienterte studentane Dag Endre Waage og Jørgen Mo.

– Dette er superspennande. Det er veldig gøy å jobbe her. Vi er ein fin gjeng. Vi håpar å få jobbe med dette i industrien, seier dei to.

Guttorm Lyngvær er lærar i det digitale laboratoriet.

– Vi er langt forut for det som skjer i næringslivet, og kan tilby dei kurs i dette. Vi har mykje samarbeid med skular i nettverk i Skandinavia. Høgskulen på Vestlandet er og interessert i samarbeid. Alle skular kan ikkje ha slikt utstyr, så vi må ha samarbeid, seier Lyngvær.

– Her kan vi produsere heile kraftproduksjonen til BKK, seier lærar Håvard Vika som viste kraftproduksjonslaboratoriet ved fagskulen til statsråd Henrik Asheim.
– Her kan vi produsere heile kraftproduksjonen til BKK, seier lærar Håvard Vika som viste kraftproduksjonslaboratoriet ved fagskulen til statsråd Henrik Asheim.

Største kraftsimulator i Noreg

I kraftproduksjonslaboratoriet fekk statsråden sjå korleis ein simulator for elektrisk kraftproduksjon fungerer. Dette er den største simulatoren for kraftproduksjon og distribusjon av straum i Noreg. Den er så stor at den styre heile kraftproduksjonen til BKK og teste at alt fungerer. Lærar Håvard Vika orienterte statsråden om korleis simulatoren fungerer.

Klima, energi og miljølaboratoriet var siste stopp. Her viste student Thomas Lyngbø Runningen korleis klima og miljø i ein moderne bygning dag blir digitalt styrt. Runningen fortalte at han har utdanning som byggdriftar, har tatt fagbrev og går på fagskulen for å utdanne seg vidare og lære meir.

– Det er gull verdt at du har fagbrev. Då skjønner du mykje av systema, sa Asheim.

– Det er gull verdt at du har fagbrev, seier statsråd Henrik Asheim til student Thomas Lyngbø Runningen som er byggdriftar og tek vidareutdanning ved fagskulen. Her orienterer Runningen om klima, energi og miljølaboratoriet der studentane lærer digital drift av klima og miljø i bygningar.

Nødvendig å satse på fagskulen

Statsråden var svært nøgd med omvisinga og orienteringa på fagskulen.

– Det var utruleg gøy å sjå dette. Ikkje minst med tanke på at vi oppgraderte fagskulen som eit svar på krisa som kom. Eg meiner det vi har sett her i dag, er eit godt døme på kvifor det var nødvendig å satse på fagskulen, seier forskings- og høgare utdanningsminister, Henrik Asheim.