Desse tre får folkemusikkstipend

Hovudutval for kultur, idrett og integrering delte ut tre folkemusikkstipend på til saman 110 000 kroner i møtet 16. september.

illustrasjonsfoto av hardingfele
HARDINGFELE: Det er tre hardingfelespelarar som får folkemusikkstipend frå Vestland fylkeskommune i denne omgangen. (Foto: Marcus Ramberg/www.flickr.com)

Steinar Rygg får folkemusikkstipendet på 60 000 kr, medan Maria Skjeldrum Toppe og Johanne Løkensgard Mjøs får kvart sitt Folkemusikk Ung-stipend på 25 000 kr.

Styrke immateriell kulturarv

– Først og fremst vil eg gratulere alle tre! Slik stipenda blir delte ut no, håpar og trur eg at dei kan bidra til både kunstnarleg utvikling og til å styrke og sikre arbeidet med den immaterielle kulturarven vår. Det er nettopp det som er målet med stipendordninga, seier Stian Davies, som leiar hovudutval for kultur, idrett og integrering.

Alle dei tre som får stipend har hardingfele som instrument. Dei får stipend til ulike prosjekt.

Bokprosjekt og eigenutvikling

Steinar Rygg er ein av dei fremste hardingfelespelarane i landet. Han er aktiv både som solist og i grupper og har arrangert fleire spelekurs og vore aktiv som pedagog.

Dette skuleåret har han teke permisjon frå jobben sin som rektor for å samle materiale og skrive bok om far sin, Leif Rygg, som også var musikar og hardingfelespelar. Rygg har skrive intensjonsavtale med Skald forlag, og boka skal etter planen kome for sal til jul 2021. Han ønskjer også å nytte året til å utvikle seg sjølv som felespelar ved å ta speletimar og gje ut eigen musikk i samarbeid med andre.

– Dokumentasjonsarbeidet knytt til bokprosjektet er noko som kjem til å kome heile landet til gode. Det er eit viktig ledd i arbeidet med å ta vare på og vidareformidle folkemusikk som kulturarv, seier Davies.

Opplæringsmateriale for hardingfele

Maria Skjeldrum Toppe er musikkterapeut og hardingfelelærar i kulturskulane i Bergen og Osterøy. Ho er i tillegg instruktør, utøvar og driv med rekrutteringsarbeid til folkemusikken. Johanne Løkensgard Mjøs er hardingfelespelar og kulturskulelærar i Voss kulturskule. Ho er aktiv pedagog, førelesar og utøvar på klassisk fiolin i tillegg til hardingfele.

Saman ønskjer dei to å etablere eit læreverk for hardingfele basert på vestlandstradisjonen, då det i dag finst lite nedskrive/innspelt opplæringsmateriale. Slåttane og arrangementa skal vere tilpassa ulike nivå. Toppe og Mjøs skal nytte folkemusikkstipenda frå fylkeskommunen til å fordjupe seg i kvar sine delar av arbeidet.

– Dette er eit svært viktig arbeid når det gjeld formidling, miljøskaping og rekruttering. Det kjem til å kome heile folkemusikkmiljøet på Vestlandet til gode, og vi ønskjer dei lukke til med arbeidet, seier Davies.

Fagkomité har vurdert søknadane

Det kom inn til saman sju søknadar då Vestland fylkeskommune lyste ut folkemusikkstipenda. Tre søkjarar er under 30 år og vart vurderte til Folkemusikk Ung-stipend, og fire er over 30 år og vart vurderte til folkemusikkstipend.

Ein rådgjevande fagkomité har vurdert alle søknadane og kom med innstilling til hovudutvalet. Komiteen er sett saman av fagfolk frå utvalde folkemusikkorganisasjonar og -institusjonar.