Delte ut 450 000 kr til idrettsarrangement
Hovudutval for kultur, idrett og inkludering løyvde til saman 450 000 kroner til sju ulike nasjonale og internasjonale idrettsarrangement i møtet 13. februar.
Det vart pengar til meisterskap i blant anna klatring, symjing, elvekajakk og maraton då hovudutvalet fordelte potten til tilskotsordninga for arrangementstilskot. Den største løyvinga på 135 000 kr gjekk til NM i friidrett, som blir arrangert på Fana stadion 19.–21. juni.
Flott å bidra til idrettsglede
Leiar for hovudutval for kultur, idrett og inkludering, Stian Jean Opedal Davies, tykkjer det er flott at Vestland fylkeskommune han vere med og leggje til rette for større meisterskap i fylket.
– Eg er veldig glad for at vi kan bidra til idrettsglede, engasjement og spennande nasjonale og internasjonale konkurransar her i fylket vårt. Slike meisterskap er til inspirasjon for store og små, og kan hjelpe oss å nå ambisjonen vår om at alle i fylket skal vere fysisk aktive kvar dag, seier Davies.
Sju fekk støtte
Både idrettslag og særforbund kunne søkje arrangementstilskot frå Vestland fylkeskommune. Føremålet er å støtte store nasjonale og internasjonale meisterskap som skaper stort engasjement, samhald, motivasjon og positive ringverknadar for næringslivet.
Desse får støtte
- NM i friidrett på Fana stadion (IL Bjarg i samabeid med IL Gnest og IL Fana) – 135 000 kr
- Verdsmeisterskap i elvekajakk under Ekstremsportveko 2020 (Stiftinga Ekstreme Voss) – 75 000 kr
- Bergen Swim Festival (Hordaland svømmekrets) – 50 000 kr
- Nasjonalt mesterskap i rytmisk gymnastikk (Fana idrettslag) – 50 000 kr
- Intersport cup 2020 (NHF Region Vest) – 50 000 kr
- Jølster maraton 2020 (Jølster maraton) – 50 000 kr
- NM i ledklatring, speedklatring og paraklatring (Sogndal klatreklubb SIL) – 40 000 kr
(Arrangør i parentes.)