Dei vidaregåande skulane opnar i neste veke

I løpet av neste veke skal alle dei vidaregåande skulane i Vestland opne. Opninga skjer i det tempo og omfang som er forsvarleg lokalt.

TILBAKE: Elevane kan kome tilbake til dei vidaregåande skulane, men regelen om ein avstand på ein meter skal framleis gjelde.
TILBAKE: Elevane kan kome tilbake til dei vidaregåande skulane, men regelen om ein avstand på ein meter skal framleis gjelde.

Dei vidaregåande skulane har no snart vore stengde i to månader. Sidan 27. april har det vore gjort unntak for yrkesfaglege utdanningsprogram etter bestemte retningsliner.

Regjeringa gjorde i går vedtak om å opna alle skular frå veke 20. Sidan det er store skilnader mellom skulane, og ulike geografiske forhold å ta omsyn til, legg regjeringa vekt på at dei enkelte skulane må opna i det tempo og omfang som er forsvarleg lokalt. Likevel er det slik at alle elevar skal få eit tilbod om skule med fysisk oppmøte innan 15. mai.

Stor oppgåve for skulane

– Den gjenopninga som er kunngjort, er ei stor oppgåve for skulane. Både elevar og tilsette gler seg naturleg nok over meir normale forhold, men eit visst tolmod er på sin plass. Det er viktig å bruka skjøn slik at det samla tilbodet til elevane blir best mogleg, seier fylkesdirektør Bjørn Lyngedal. Han viser til at det både er mogleg og nødvendig at undervisning med fysisk oppmøte på skulen vert kombinert med heimeskule.

Fylkesdirektøren vil oppmoda om at ein brukar naudsynt tid til planlegging av opninga av skulen. Ein må særleg legge til grunn kapasiteten på skuleskyss og reinhald. Det er ikkje noko press frå fylkesdirektøren på å opne skulen så raskt som råd. Han minner om behovet for å diskutere løysingane med driftstenesta, reinhaldsleiar, verneombod, tillitsvalde og gjerne elevråd. Han rår skulane til å vera tydelege i kommunikasjonen til elevar og tilsette med tanke på når den fysiske undervisninga kan starte opp for den enkelte.

Ikkje full skuleveke

– Dei fleste stadene vil det ikkje vera mogleg å tilby full skuleveke med fysisk nærvær. Det er viktig å prioritera praktiske fag, sårbare elevgrupper og elevar som treng hjelp til å fullføra skuleåret, seier Lyngedal.

På grunn av smittevernreglar har Skyss og Kringom 50 prosent av normal kapasitet til skuleskyss. Det er lagt til grunn at skuledagane følgjer normale tider for start og slutt. Sentrumsskulane i Bergen har ikkje eigen skuleskyss og kan gjera avvik frå desse tidene. Elevane må oppmodast om å unngå offentleg transport dersom det er mogleg. Planlegginga av skuledrifta må ta omsyn til Skyss/Kringom sin avgrensa kapasitet.

Må følgje smittevernreglar

– På den einskilde skule er tilgang på reinhald og organisering av dette heilt avgjerande for at ein skal kunna opna på ein forsvarleg måte og innanfor dei smittevernreglar som gjeld. Godt og forsvarleg reinhald er heilt avgjerande for trygg drift av skulane resten av skuleåret. Det er og viktig at elevane følgjer opp smittevernreglane inne og ute, seier fylkesdirektøren.