Dei fleste elevane får førstevalet sitt

Førsteinntaket til vidaregåande skule 2020/2021 i Vestland er klart. Tal frå fylkeskommunen viser at dei fleste elevane får førstevalet sitt ved inntak til vidaregåande skule i Vestland. 22 087 skuleelevar i fylket får i dag svar på søknaden sin om skuleplass til hausten.

Elevar som sit i ei kantine.
FÅR FØRSTEØNSKET: 16 818 elevar får tilbod om skuleplass etter førsteønsket sitt for både programområde og skule.

Så langt er 19 957 søkjarar tatt inn til vidaregåande opplæring i Vestland fylke. 16 818 av desse får tilbod om skuleplass etter førsteønsket sitt for både programområde og skule. Det betyr at også i år får majoriteten av dei unge det opplæringstilbodet dei ønskjer seg allereie ved førsteinntaket.

Auke i yrkesfag

Vestland fylkeskommune ser ein auke i søking til yrkesfag for skuleåret 2020/2021. For eit år sidan hadde tidlegare Sogn og Fjordane og Hordaland til saman 9 589 søkjarar til yrkesfaglege tilbod. I år har talet stige til 9 813 søkjarar. Av desse har så langt 8 587 fått plass.

Tilsvarande var det i fjor 12 439 som søkte studieførebuande. I år er talet 12 274, altså noko nedgang for studieførebuande utdanningsprogram.

Til saman 22 087 ungdommar har søkt om skuleplass i Vestland til skuleåret 2020-2021, kor 20 769 av søkjarane har ungdomsrett (ungdom mellom 15 – 24 år).

1 023 ledige skuleplassar

Etter førsteinntaket er det 1 090 søkjarar med ungdomsrett som ikkje har fått tilbod om skuleplass. Årsaka er at søkjarane ikkje har hatt det som no er dei ledige tilboda som eit av sine val når dei søkte. Det er no 1 023 ledige skuleplassar i fylket. Søkjarar med ungdomsrett som ikkje har fått tilbod om skuleplass vil få tilbod i dei seinare inntaka, eller etter at skulane tek over inntaket. Alle søkjarar utan ungdomsrett står på venteliste og kan bli tekne inn til ledige plassar etter at skulane har teke over inntaket.

Sjekk og svar på vigo.no

Elevane kan no sjå om dei har fått skuleplass på nettstaden vigo.no. Svarfristen på om dei tek plassen er onsdag 22. juli. Det er viktig å svare på vigo.no innan fristen fordi manglande svar fører til at eleven mister sin plass, og/eller blir tatt ut frå ventelista.

Tidsplan for inntaket til vidaregåande skule i Vestland:

  • 8. juli, tilbod blir gitt på vigo.no om første inntak
  • 22. juli, svarfrist, første inntak
  • 29. juli, melding om andre inntak
  • 5. august, svarfrist, andre inntak
  • 10. august, tredje inntak
  • 17. august, svarfrist, tredje inntak


Info og chat

Elevar som har behov for meir informasjon eller vil chatte kring inntaket kan gå inn på sidene for søknad og inntak til vidaregåande skule. Der blir også karaktergrensa og tal søkjarar til dei enkelte skulane lagt ut så snart dei er klare.