Bygging av minihus gav 100 000 kr til Kirkens Bymisjon
– Vi er svært takknemlege over at elevane ville støtte oss, seier Arne Lynngård, dagleg leiar i Kirkens Bymisjon i Bergen etter å tatt i mot 100 000 kroner frå elevar ved tre vidaregåande skular i Bergen.

Dei 100 000 kronene er overskotet frå bygging av eit minihus. Bygginga er gjort som samarbeid mellom elevar ved Årstad, Åsane og Laksevåg vidaregåande skular. Minihuset vart 8. januar selt for 320 000 kroner. 100 000 kroner er overskotet etter at alle utgifter til bygginga er betalt.

Stor inspirasjon
Overrekkinga av pengane skjedde 23. juni i Kronhagen til Kirkens Bymisjon. Ingen av elevane hadde høve til å vere til stades grunna sommarjobb, men avdelingsleiar Arthur Tøsdal ved Årstad videregående skole, hadde med seg ein stor sjekk som han overrekte til Lynngård.
– Vi vart kjent med at vi ville få pengane i samband med TV-aksjonen 2018 «Mindre – aleine – sammen» som gjekk til inntekt til Kirkens Bymisjon. Dette er til stor inspirasjon for oss. Eg ser for meg at vi kjem til å bruke pengane på samarbeid om elevar som droppar ut av skulen. Vi har mange ulike tilbod, mellom anna skulegrupper, arbeidstrening i kafe, ulike aktivitetar som helgeturar, biljard og bandrom, saman med trygge vaksne, seier Lynngård.

Vil ha samarbeid
Arthur Tøsdal seier at dei er interessert i samarbeid med Kirkens Bymisjon.
– Vi har eit samarbeid med Røde Kors om gatemekling og konflikthandtering med elevane i barne- og ungdomsarbeidarklassen vår. Men vi er interessert i å samarbeide med fleire eksterne aktørar. Dei kjenner elevane på ein annan måte enn oss. Dei jobbar annleis. Det kan vi gjerne bruke i skulen til å gje betre undervising og betre kvardag for elevane, seier Tøsdal.
Motivere ungdomen
– Skulen må følgje timeplanen. Vi er heilt opne og kan få fram andre kvalitetar i elevane. Eg ser for meg at vi kan ha eit vidare samarbeid om å gje elevar ein ny sjanse. Vi kan gje dei meistring, slik at dei kan kome tilbake til skulen og fullføre utdanninga. Vi må motivere ungdomen til å tenke kva dei vil med livet, seier Arne Lynngård i Kirkens Bymisjon.

Samarbeid mellom tre skular
Ideen til å bygge minihuset kom som eit samarbeid mellom dei tre skulane i 2018, som ein del av prosessen med å lære. Med elevane Kristine Aga og Thomas Sivertsen i spissen gjekk vg3 interiør og utstillingsdesign på Årstad i gang med å teikne og designe minihuset.
Sjølve tømrararbeidet vart gjort av vg1 bygg og anleggsteknikk og vg2 byggteknikk på Laksevåg videregående skole. Røyrleggararbeidet stod elevar i vg2 klima, energi- og miljøteknikk ved Åsane videregående skole for.
– Det har vore kjekt å jobbe med ei reell oppgåve, men det har og vore utfordrande og mykje jobbing, sa Kristine Aga og Thomas Sivertsen då vi snakka med dei for to år sidan.
Bygde for å lære
Minihuset er på i underkant av 30 kvadratmeter og har stove med sovehems, kjøkken, toalett, bad og teknisk rom.
Arthur Tøsdal forklarar kvifor heile prosessen har teke litt tid.
– Elevane bygde ikkje minihuset for å produsere, mens for å lære. Dei har vore utplassert i praksis og gjort andre ting på skulen. Men elevane har vist enorm interesse. Dei har engasjert seg og ville at overskotet skulle gå til eit godt formål. Då vi hadde kranselag i juni 2018 avgjorde elevane at pengane skulle gå til Kirkens Bymisjon som hadde TV-aksjonen i oktober. Vi har aldri nokon gong opplevd så stort engasjement for TV-aksjonen som i 2018, seier avdelingsleiar Arthur Tøsdal ved Årstad videregående skole.
Rimeleg hus
Bygginga av minihuset vart svært rimeleg. Mange av dei som leverte varer og tenester, tok seg lite eller ingenting betalt og var dermed med på å støtte det gode formålet.