Bruravik ferjekai til sals

Fylkesutvalet har vedteke å leggje den tidlegare Bruravik ferjekai i Hardanger ut for sal på den opne marknaden.

NEDLAGT: Den tidlegare ferjekaien i Bruravik er på 8,2 mål.
NEDLAGT: Den tidlegare ferjekaien i Bruravik er på 8,2 mål.

Ferjekaien har for det meste stått ubrukt etter at sambandet Bruravik-Brimnes vart lagt ned i 2013 og erstatta av Hardangerbrua. Fleire har vore interesserte i å overta ferjekaien. Opphavleg var det tre interessentar som ønskte å kjøpe eller leige ferjekaien, men nokre har trekt seg og nye har kome til. For at alle skal stille likt, vert ferjekaien lagt ut for sal på den opne marknaden.

Ferjekaien og det tilhøyrande området er på 8,2 mål. Den 50 meter lange betongkaien med ferjebås følgjer med, saman med eit venterom på 40 kvadratmeter og to billettbuer på 10 kvadratmeter kvar. I tillegg er det to mindre buer og eit venteskur for buss på eigedomen.

Taksten er fastsett til to millionar kroner.