Bli med på årets innovasjonsfestival

Har du eit arrangement som handlar om innovasjon eller entreprenørskap? Då oppfordrar vi deg til å melde det inn til InnovasjonsukenOPP som finn stad 14.-20. september.

Fallskjermhopper i fritt fall
OPPTUR: Deltar du på årets innovasjonsfestival, kan du gjere deg kjent med nye og spennande idear for næringslivet i Vestland. Foto: InnovasjonsukenOPP.

Vestland fylkeskommune gir midlar til innovasjonsfestivalen der forsking- og studiemiljø, næringsliv, investorar og oppstartsmiljø deltar.

– Innovasjonsfestivalen er ein viktig møteplass for nettverksbygging og kompetansedeling. Ein slik arena kan få fram nye, spennande idear og samarbeid for næringslivet i Vestland, seier Bård Sandal, fylkesdirektør for innovasjon og næringsutvikling.

Samarbeid på tvers av næringar

Han legg til at Vestland fylkeskommune ønskjer å støtte opp om og styrke arbeidet med innovasjon og entreprenørskap i heile fylket.

– I tida vi er inne i no, ser vi behovet for innovasjon i endå større grad. Det er viktig å sjå nye moglegheiter i lag og på tvers av næringar, seier han.

InnovasjonsukenOPP skal vere ein arena for nettverksbygging, kompetansedeling og fremsnakking. Veka skal vere samlande for alle som er nysgjerrig på innovasjon og entreprenørskap. I fjor hadde innovasjonsfestivalen om lag 4500 deltakarar. Dei deltok på 80 ulike arrangement på 50 ulike lokasjonar. Årets festival blir ein kombinasjon av digitale og fysiske arrangement. At du kan logge deg på festivalen, gjer det enklare å delta - uavhengig av kor du befinn deg.

Oppfordrer til digitale arrangement

Sandal oppfordrar studiemiljø, næringsliv, investorar, oppstartsmiljø og akademia til å arrangere relevante digitale arrangement.
Har du eit arrangement du vil melde inn, må du gå inn på nettsida www.innovasjonsukenopp.no og følgje instruksjonane. På denne måten blir arrangementet ein del av arrangementskalenderen og arbeidet ditt løfta fram for andre som jobbar med innovasjon og entreprenørskap.