Alle dagsturhyttene får solcellepanel

Kraftselskapet BKK gir tre millionar kroner i gåve til dagsturhytteprosjektet, noko som skal sikre solcellepanel til alle hyttene – både dei som alt er bygde, og dei som skal byggjast.

Foto av f.v. Atle Skrede, Solfrid Trå, Heidi Bjørkum, Jon Askeland, Rune Indrøy og Jannicke Hilland
JUBILEUMSGÅVE TIL DAGSTURHYTTENE: F.v. prosjektleiar Atle Skrede, Solfrid Trå og Hilde Bjørkum i Sunnfjord kommune, fylkesordførar Jon Askeland, kommunikasjonsdirektør Rune Indrøy og administrerande direktør Jannicke Hilland i BKK var samla på dagsturhytta Gytta i Førde 11. juni for å markere at BKK gir tre millionar til solcellepanel på alle dagsturhyttene. Fylkesordføraren er glad for gåva til dagsturhyttene, som han trur kan bli ein viktig identitetsmarkør, som alle innbyggjarane i Vestland kan samle seg om. (Foto: Stig Roger Eide)

– Dagsturhyttene er i tillegg til nynorsk, den felles identitetsmarkøren som det nye fylket kan samle seg rundt, når det no vert etablert dagsturhytter i alle kommunane i Vestland. Det nynorske turbiblioteket i hyttene stimulerer til både leseglede og turglede. Tusen takk til BKK, som støttar denne flotte suksessen, som er med på å styrke lokalsamfunna, seier fylkesordførar Jon Askeland.

Fylkesordføraren var til stades på dagsturhytta Gytta i Førde 10. juni, der han møtte administrerande direktør Jannicke Hilland og kommunikasjonsdirektør Rune Indrøy i BKK. NRK var også med, og resultatet kan du sjå her i Vestsrevyen.

fylkesordførar Jon Askeland blir intervjua av NRK framfor dagsturhytta i Førde
FÅR MERKSEMD: Dagsturhytteprosjektet får merksemd i heile det nye storfylket, og under gåvemarkeringa i Førde 11. juni var NRK tilstades og intervjua fylkesordføraren til både radio og Vestlandsrevyen. (Foto: Stig Roger Eide)

Jubileumsgåve til betre lys

– Sidan BKK fyller 100 år i år, ønskjer vi å gi ei gåve vestlendingar kan nyte godt av. Å få bidra med solceller til dei fantastiske dagsturhyttene synest vi er kjekt. Vi håpar store og små turgåarar vil setje pris på betre lys i opphaldsrom og ikkje minst leselys til nynorsk turbibliotek. Samstundes er det hyggeleg å vere med å bidra til at også hordalendingar får oppleve dagsturhyttene, som har blitt ein så stor suksess i Sogn og Fjordane, fortel Jannicke Hilland, konsernsjef i BKK.

Dei 26 dagsturhyttene i tidlegare Sogn og Fjordane har såkalla nynorske turbibliotek med bøker til bruk på hyttene. Det er først og fremst bøker for barn og unge, men også bøker om blant anna friluftsliv, natur og dyreliv, segner og eventyr, lokale kulturminne og dikt.

Attraktiv sosial møteplass

Hyttene er eit lågterskeltilbod for turgåarar, ein plass å ha pause, søkje ly og ete matpakka si. Lys frå solcellepanelet gir dagsturhyttene ein ny dimensjon. 19 av dei 26 hyttene i tidlegare Sogn og Fjordane har allereie installert solcellepanel. Pengane frå BKK vil der gå til andre tiltak ved og på veg til hyttene.

– Denne «folkegåva» frå BKK vil styrke uteområda ved og stiane til hyttene endå meir, og slik gjere dagsturhyttene til ein endå meir attraktiv sosial møteplass, seier prosjektleiar Atle Skrede.

foto av Jon Askeland, Atle Skrede, Ingrid Bjørkum og Jannicke Hilland ved dagsturhytta i Førde
UTSIKT: Fylkesordførar Jon Askeland i samtale med prosjektleiar Atle Skrede, Hilde Bjørkum i Sunnfjord kommune og Jannicke Hilland i BKK med utsikta frå dagsturhytta i Førde i bakgrunnen. (Foto: Stig Roger Eide)

Plan om 13 nye hytter i år

Dagsturhytteprosjektet starta i tidlegare Sogn og Fjordane i 2016, og den første hytta opna i Gloppen desember i 2017. No er prosjektet vidareført til heile Vestland, der det er planar om til saman 35 dagsturhytter. Det er kommunane som eig hyttene, men fylkeskommunen som har teke initiativ til og som koordinerer prosjektet.

Den tre første dagsturhyttene i tidlegare Hordaland kjem i Alver kommune og blir monterte alt i september i år. Planen er å få på plass til saman 13 hytter før nyttår.

Det var tidlegare i år ute ein anbodskonkurranse om bygging av hyttene, og Stad Kystbygg på Stadlandet fekk oppdraget med bygginga.