9 millionar til forsking for å auke verdiskapinga i Vestland

Regionalt forskingsfond Vestland lyser ut 9 millionar kroner til forprosjekt i 2020. Utlysinga vil vere klar måndag 4. mai og fondet lovar rask saksbehandling.

BREI TEMATIKK: Utlysinga er retta mot dei utfordringar og behov som næringsliv og kommunal sektor i fylket sjølve opplever som relevante, innafor breie tematiske emne.
BREI TEMATIKK: Utlysinga er retta mot dei utfordringar og behov som næringsliv og kommunal sektor i fylket sjølve opplever som relevante, innafor breie tematiske emne.

Midlane skal brukast til å vidareutvikle forskingsprosjekt med innovasjonspotensiale, slik at dei har større sjanse i konkurransen om regionale, nasjonale eller internasjonale midlar.

- Forsking er eit kraftfullt verkemiddel for auka innovasjonskraft og verdiskaping i Vestland fylke, seier styreleiar og fylkesordførar Jon Askeland. Han legg til at det er særs viktig å satse på forsking og innovasjon i tida etter pandemien.

Brei tematikk

- Vi har valt å gå breitt ut tematisk og gi moglegheiter for bedrifter, kommunal sektor og forskingsorganisasjonar i fylket til å søkje. Styret trur at vi med dette kan stimulere til gode initiativ og samarbeidskonstellasjonar, og styrke samarbeidet om viktige problemstillingar, seier Askeland.

Utlysinga blei vedtatt av styret for regionalt forskingsfond Vestland den 21. april. Ho er retta mot dei utfordringar og behov som næringsliv og kommunal sektor i fylket sjølve opplever som relevante, innanfor breie tematiske emne.

Innleiande forskingsarbeid

Forprosjekta skal vere innleiande forskingsarbeid som bidreg til å utvikle eit større forskings- og utviklingsprosjekt. Prosjekta skal støtte opp under innovasjon og verdiskaping i næringsliv eller kommunal sektor. Forprosjekta kan og bli nytta som grunnlag for søknader om kompetanse- og samarbeidsprosjekt til seinare utlysingar frå Forskingsrådet.

I prosjekta skal ein avklare kunnskapsspørsmål som er kritiske for å etablere solide forskings- og utviklingsprosjekt. Desse skal kunne nå opp i konkurranse om midlar frå regionale, nasjonale eller internasjonale ordningar.

Dette kan du søkje om

Det er mogleg å søkje mellom 200.000 og 500.00 kroner i støtte. Fondet nyttar statsstøtteregelverket fullt ut og kan dekke inntil 70 prosent av kostnadene i eit prosjekt.