7,2 millionar til større satsingar i kulturlivet

Litteratur, metal, jazz og eit kunstproduksjonssamarbeid i Fjaler er blant prosjekta som får støtte frå Kulturelt utviklingsprogram (KUP) i år.

foto av lyskunst i Fjaler
LYSKUNST: PreForm og andre kunst- og kulturaktørar jobbar for å gjere Fjaler kommune med sine rundt 2800 innbyggjarar til ein oppegåande produksjonsstad for profesjonell kunstproduksjon. Biletet syner lyskunst av Kyrre Heldal Karlsen under teaterfestivalen i 2020. (Foto: David Zadig)

Det er ti år sidan Hordaland fylkeskommune oppretta Kulturelt utviklingsprogram, og i jubileumsåret får prosjekt frå heile det nye fylket støtte.

Viktig utviklingsverktøy

– KUP er eitt av dei viktigaste utviklingsverktøya fylkeskommunen har for kunst- og kulturlivet. Utviklingsprogrammet er unikt fordi det har eit reindyrka kulturpolitisk fundament og støttar aktørar i kulturlivet på deira eigne premiss, seier Stian Davies, som er leiar for hovudutval for kultur, idrett og integrering.

I dei ti åra KUP har eksistert har Hordaland, og no Vestland, delt ut over 60 millionar kroner til kunst- og kulturutvikling.

Blant dei 25 prosjekta som får støtte i år Beyond the Gates digital 2021 av Bergen Metal Fest, Samtidsforteljingar og digital formidling av ROM FOR ORD og Framtidas felemakarar av Stiftinga Hardanger og Voss museum.

Klynge for kunstproduksjon

Eitt anna prosjekt som får støtte er eit produksjonssamarbeid i regi av PreForm i Fjaler i Sunnfjord. PreForm er ein organisasjon og eit produksjonshus som legg til rette for kunst- og kulturproduksjon. Dei har bygt opp både scene, visningslokale og lydstudio. No får dei 200 000 kr til det vidare arbeidet.

– Vi vil bli ei aktiv klynge for kunstproduksjon og vil samarbeide med både regionale og nasjonale partnarar. Pengane frå KUP skal gå til eit forprosjekt der vi vil tilsetje ein kunstnarisk leiar i eit eittårig prosjekt. Denne skal jobbe kunstnarleg og med utvikling, ikkje med den daglege drifta, fortel Ingrid Hansen som er dagleg leiar i PreForm.

Målet for prosjektet er å utvikle ei komplett verdikjede frå konseptutvikling, tekstutvikling, produksjon og formidling av norsk, forteljande kunst, dramatikk og scenekunst.

foto av Sjur Miljeteig
LYDPRODUKSJON: Produksjonshuset i Dale inneheld blant anna to lydstudio. Her arbeider Sjur Miljeteig med lyd til ein produksjon for teaterfestivalen i 2020. (Foto: David Zadig)

Spennande samarbeidsprosjekt

Hovudutvalsleiaren ser fram til å følgje prosjektet vidare og til å sjå resultat.

– Dette er eit interessant samarbeidsprosjekt, som har ei spennande tverrestetisk tilnærming. Det stettar fleire programområde i ordninga og fleire vurderingskriterium, seier Davies.

Forprosjektet er eit samarbeid mellom PreForm, Teaterfestivalen i Fjaler og Jakob Sande-selskapet.

Du finn oversikt over alle som har fått støtte – og meir informasjon om ordninga – i saksutgreiinga til hovudutvalet. Tilrådinga vart samrøystes vedteken.