7,2 millionar kroner til kunst- og kulturutvikling

Hovudutval for kultur, idrett og integrering vedtok 19. mai å lyse ut 7,2 millionar kroner i kulturelt utviklingsprogram. Pengane skal i år prioriterast til prosjekt med tilknyting til konsekvensane av koronapandemien.

foto frå opninga av filmhuset BAKOM i Bergen
HAR FÅTT STØTTE: Filmveksthuset BAKOM i Bergen er eitt av tiltaka som har fått støtte frå kulturelt utviklingsprogram tidlegare. Filmveksthuset opna i februar i år, og det var leiar for hovudutval for kultur, idrett og integrering, Stian Davies, som stod for den offisielle opninga. Filmveksthuset er ein møtestad for unge mellom 16 og 30 år som vil lage film eller utvikle spel.

Tilskotsordninga kulturelt utviklingsprogram (KUP) har vore ei viktig og populær ordning for det profesjonelle kulturlivet i Hordaland sidan 2010. No har hovudutvalet vedteke å vidareføre tilskotsordninga i Vestland – med spesielle føringar for tildelinga i 2020.

Store konsekvensar for kulturlivet

– Vi ser at koronapandemien får svært store konsekvensar for kulturlivet i fylket vårt, og vi vil difor bruke dei verkemidla vi har for å vere med å bøte på dette. I kulturelt utviklingsprogram har vi 7,2 millionar kroner til rådigheit, og her kan vi støtte større og mindre prosjekt som frontar nyskapande aktivitet og formidling. Vi ønskjer også å hjelpe aktørar som får store utfordringar som følgje av pandemien, seier hovudutvalsleiar Stian Davies.

Hovudutvalet ønskjer å prioritere prosjekt med tilknyting til konsekvensane for koronapandemien for blant anna å

  • stimulere til utprøving og gjennomføring av nyskapande formidling og aktivitet innan kunst og kultur
  • nytte prosjektmidlane til å bidra til at aktørar lettare kjem ut av eventuelle utfordringar som følgje av koronaepidemien

Effektivt verktøy

– Kulturelt utviklingsprogram har vore eit effektivt verktøy i Hordaland. Gjennom programmet har vi vore med og initiert og medverka til kunst- og kulturpolitisk utvikling. Det ligg mykje pengar i ordninga, og det er svært gledeleg å kunne vidareføre ho i Vestland og slik kunne støtte tiltak i heile det nye fylket. Når situasjonen er som han er i år, så er det naturleg at vi brukar dei midlar og kanalar vi kan for å hjelpe kulturlivet gjennom krisa, seier Davies.

Intensjonen er at kulturelt utviklingsprogram skal gje rom for større, utprøvande satsingar frå stødige kultur- og idrettsaktørar. KUP-midlane vert lyste ut snart som råd, og aktørar på kunst- og kulturlivet kan søkje innan 1. august. Søknadsskjema og retningsliner blir lagt ut på nettsida til fylkeskommunen under sidene for kunst- og kulturutvikling.