2,6 millionar til lokale klima- og miljøtiltak

Unge miljøjournalistar, bybønder i Bergen, kommunal elsykkelsatsing og plastrydding er nokre av klima- og miljøtiltaka som har fått støtte frå Vestland fylkeskommune så langt i år. Det blir ny søknadsrunde – og nye moglegheiter – no i haust.

foto av symbol for elsykkel på asfalt
SYKKELSATSING: Tre kommunar har fått støtte frå Vestland fylkeskommune til ulike sykkelprosjekt. Sunnfjord kommune har fått 145 000 kr til elektriske tenestesyklar, Vik kommune har fått 100 000 kr til prosjektet "Sats på sykkel!", og Voss herad har fått 200 000 kr til "Vossabike". (Illustrasjonsfoto: Shutterstock)

Fylkeskommunen lyste ut midlar til tre tilskotsordningar for klima og miljø i vår. Det kom inn til saman 52 søknadar, med ein samla søknadssum på over 7,8 millionar kroner.

Mange gode, grøne prosjekt

– Vi hadde 2,6 millionar å fordele i vårens søknadsrunde, og med så mange gode søknadar måtte det ein grundig vurderings- og prioriteringsrunde til. Den store interessa syner at både kommunar, lag og organisasjonar i fylket har mange gode idear og prosjekt, som bidreg til det store, overordna målet om å klimaomstille samfunnet vårt. Vi oppmodar dei som ikkje fekk støtte i denne runden, om å søkje igjen i haust, seier Synnøve Stalheim, som er seksjonssjef for plan, klima og folkehelse i Vestland fylkeskommune.

Støtte til tre prosjekt i Sunnfjord

Vestland fylkeskommune løyvde 950 000 kr klimatiltak i kommunane i fylket. Sunnfjord kommune hadde søkt om – og fekk støtte til – tre ulike prosjekt. Kommunen vedtok ein ny klimaomstillingsplan i 2019, og dei tre prosjekta er ledd av oppfølginga av planen.

– Det er kjekt å sjå at godt planarbeid resulterer i fleire konkrete prosjekt. Gjennom å støtte prosjekta ønskjer vi å bidra til å at kommunen kan halde fram det gode arbeidet. Vi håper dette kan motivere både Sunnfjord og andre kommunar til å leggje vekt på klimaarbeidet også i åra framover. Vi fekk inn mange gode søknadar, noko som syner stor aktivitet ute i kommune, der midlar frå fylkeskommunen skal bidra til vidare satsing, seier Synnøve Stalheim.

Sunnfjord kommune får støtte til eit prosjekt med elektriske tenestesyklar, eit forprosjekt om sirkulærøkonomi og kompetanseheving knytt til materialbruk og grøne innkjøp i investering i og drift av kommunale bygg.

 

Kurs for unge miljøjournalistar

Eitt av dei lokale klima- og miljøtiltaka som har fått støtte frå Vestland fylkeskommune, er det avisa Framtida Junior for barn og unge som står for. Dei har fått 50 000 kr til å arrangere miljøjournalistkurs for elevar på mellomtrinnet i haust. Elevane skal bli kursa i å lage skuleavis, og vil få tips til lokale klima- og miljøtiltak som dei kan undersøke og skrive om.

Som del av prosjektet vil også Framtida Junior lage ei miljøutgåve, som blir sendt ut til alle dei rundt 8000 sjetteklassingane i Vestland no i haust.

– Målet er å bidra til å auke og vise fram miljøengasjementet til barn og unge i heile fylket, å bidra med kunnskap om både miljøutfordringar og -løysingar, og å vise korleis dei kan delta og bidra. Vi er veldig glade for støtte frå fylkeskommunen, og ser på det som ei anerkjenning av arbeidet vårt for å vise fram og auke engasjementet til barn og unge, seier redaktør Svein Olav B. Langåker til Framtida Junior.

 

Driftstilskot til miljøorganisasjonar

Fylkeskommunen lyste i vår også ut tilskot til drift av miljøorganisasjonar, og seks organisasjonar fekk til saman 550 000 kr. Dette er ei tilskotsordning med årleg søknadsfrist, og neste moglegheit for å søkje er våren 2021. Vi legg ut informasjon på nettsida til fylkeskommunen når søknadsfristen er avklart.