21 057 elevar søkjer vidaregåande skule i Vestland

21 057 elevar med ungdomsrett vil gå på vidaregåande skule i Vestland. Tekniske og maritime fag er igjen blitt svært etterspurde.

STABILT: Søkjartala til dei vidaregåande skulane i Vestland er relativt stabile.
STABILT: Søkjartala til dei vidaregåande skulane i Vestland er relativt stabile.

Fristen for å søkje plass i dei vidaregåande skulane i Vestland gjekk ut 2. mars. Tala viser at det totalt for heile Vestland er relativt stabil søking. For søkjarar med ungdomsrett er det ein nedgang på 100 søkjarar frå i fjor. Elevar med ungdomsrett har lovfesta rett til vidaregåande opplæring.

Tekniske og maritime fag

Dei tekniske og maritime faga er igjen svært etterspurde. Søkinga til teknikk og industriell produksjon (TIP) viser ein auke på 50 søkjarar med ungdomsrett til 1070 på vg1. Desse faga fekk og stor auke i søkinga i fjor med 190 fleire elevar i høve året før.

Dei største yrkesfaga, helse- og oppvekstfag, opplever ein reduksjon i søkjartala med 83 til 1175 med ungdomsrett. Søkjarane konkurrerer om 1108 elevplassar på vg1.

Studiespesialisering

Søkinga til vg1 studiespesialisering, viser nedgang med om lag 10 prosent færre søkjarar enn i fjor. Totalt søkjer 2825 elevar med ungdomsrett plass på studiespesialiserande fag mot 3153 søkjarar i fjor. Søkinga til musikk, dans og drama har derimot gått opp med om lag 50 søkjarar.

Fleire elevar med ungdomsrett vil ha opplæring i bedrift. I alt er det 2072 søkjarar. Det er 35 fleire enn i fjor.

Nye yrkesfag

Fire nye yrkesfaglege utdanningsprogram blir oppretta frå komande skuleår og har desse søkjarane med ungdomsrett:

  • Sal, service og reiseliv: 238
  • Informasjonsteknologi og medieproduksjon: 128
  • Handverk, design og produktutvikling: 34
  • Frisør, blomster, interiør og eksponeringsdesign: 108

Informasjonsteknologi og medieproduksjon er eit heilt nytt utdanningsprogram, mens dei andre inneheld programområde frå tidlegare utdanningsprogram.

Oversikt over søkjarar til utdanningsprogram og programområde vg1 distrikt nord

Oversikt over søkjarar til utdanningsprogram og programområde vg2 distrikt nord

Oversikt over søkjarar til utdanningsprogram og programområde vg1 distrikt sør

Oversikt over søkjarar til utdanningsprogram og programområde vg2 distrikt sør

Skulevis oversikt over søkjarar til dei vidaregåande skulane i distrikt nord

Skulevis oversikt over søkjarar til dei vidaregåande skulane i distrikt sør

Vidare tidsplan for inntaket til vidaregåande skular i Vestland:

8. juli

 Første inntak

22. juli

 Svarfrist første inntak

29. juli

 Andre inntak

5. august

 Svarfrist andre inntak

10. august

 Tredje inntak

17. august

 Første skuledag