17, 8 millionar koronakroner til kultur og idrett

Offentlege og private verksemder kan no søkje fylkeskommunen om støtte til planlagt kultur- og idrettsaktivitet, som får auka utgifter på grunn av koronapandemien.

foto av publikum som ser teaterførestilling
TIL ORDINÆR AKTIVITET: Dei 17,8 millionar kronene som fylkeskommunen no lyser ut, skal gå til ordinær aktivitet på kultur- og idrettsfeltet og skal bidra til å oppretthalde aktivitet trass i tapte inntekter på grunn av koronakrisa. (Illustrasjonsfoto: Shutterstock)

– Koronakrisa gjer at mange aktørar har måtta redusere aktiviteten sin betrakteleg, og dei har ikkje fått den innteninga dei skulle hatt. Pengane vi lyser ut no er ekstraordinære midlar som skal gå til ordinær aktivitet. Vi vil bidra til å oppretthalde aktivitet på både idretts- og kulturfeltet, sjølv med dei restriksjonane som pandemien fører med seg, seier Stian Davies, som er leiar for hovudutval for kultur, idrett og integrering.

Hovudutvalet vedtok å lyse ut midlane i møtet 16. september.

Lyser ut breitt

Søknadsfristen blir 1. november, og det er mogleg å søkje om støtte til aktivitet i både 2020 og 2021. Hovudutvalet har bestemt at pengane skal lysast ut breitt inn mot felta idrett og friluftsliv og både frivillig og profesjonelt kulturliv.

– Vi meiner det vil gagne flest og fungere best om vi gjer det slik, heller enn å lyse ut midlane i stramt definerte ordningar. Mange blir ikkje plukka opp av dei statlege ordningane, og det er desse vi ønskjer å nå i denne omgangen. Slik vil vi vere med og gje kultur- og idrettssektoren mest mogleg føreseielege rammer for å halde oppe aktiviteten, seier Davies.

Tek regionalt ansvar

Dei fleste restriksjonane i samband med koronapandemien er pålagde av staten. Statlege sektorstyresmakter har difor teke på seg hovudansvaret for å kompensere tapa restriksjonane fører med seg. Enkelte kommunar har også oppretta eigne ordningar.

– Fylkeskommunen er ein regional utviklar. Vi skal ikkje overta ansvaret frå verken kommunane eller staten, men vi skal støtte tiltak og verksemder som har ei regional rolle og ein regional funksjon. Og vi skal – som fylkestinget sa i juni – vere med å dempe effektane av pandemien og vere ein slags siste skanse mot tunge konsekvensar, slår Davies fast.

Til saman 35 millionar til kultur og næring

Dei 17,8 millionar kronene kultur- og idrettslivet no kan søkje om, er halvparten av summen fylkestinget løyvde i juni for å dempe koronaverknadane for nærings- og kulturlivet. Hovudutval for næring fordeler den andre halvparten etter at saka har vore oppe på hovudutvalsmøtet i oktober.

Pengane er del av overskotet i Sogn og Fjordane og Hordaland fylkeskommunar i 2019.