16,5 mill. kr i støtte til innovasjon og næringsutvikling

– Det er gledeleg at vi har fått så mange gode søknader, seier Tor André Ljosland, leiar av hovudutval for næring, naturressursar og innovasjon, etter at utvalet samrøystes har løyvt 16,5 millionar kroner til 27 prosjekt som støtte til prosjekt innan innovasjon og næringsutvikling.

MaloyN1000.jpg
SMARTBY: Prosjektet SmartBy i Måløy har fått 1,45 millionar kroner til å bruke digital teknologi og innovative metodar til å gjere samfunnet betre å bu, leve og jobbe i.

Det var svært stor interesse for tilskota. Søknadsfrist var 15. april, og fylkeskommunen fekk 117 søknader for totalt 156 millionar kroner. Støtta er gitt gjennom Handlingsplan for innovasjon og næringsutvikling 2020. Pengane skal vere delfinansiering av prosjekt som kan gje vekst i regional utvikling i Vestland.

Rekordstor interesse

– Det er rekordstor interesse for ordninga. Men dessverre har mange gode søknader fått avslag. Ved vurdering av søknadene har vi lagt vekt på verdiskaping og sysselsetting og om prosjektet er nyskapande og framtidsretta. Vi har og sett på klima og berekraft. Prosjekt som tydeleg byggjer opp under berekraftmåla til FN har vi løfta fram, seier Tor André Ljosland.

Fem millionar blir utdelt til hausten

Totalt har Vestland fylkeskommune sett av 21,5 millionar kroner til føremålet i år. Dei siste fem millionar kronene vil bli tildelt etter ny søknadsrunde med frist 15. september.

Dei 16,5 millionar kronene er tildelt til prosjekt innan seks strategiske innsatsområde:

  • Omstilling
  • Entreprenørskap og nyskaping
  • Kompetanse og karriere
  • Berekraftige byar og samfunn
  • Naturressursar
  • Grøn konkurransekraft og klimainnovasjon