13 milliardar kroner til byutvikling

– Biltrafikken går ned, og fleire reiser kollektivt, syklar og går. Denne gode trenden skal vi halde fram med, seier samferdselsminister Knut Arild Hareide etter at avtalen om byvekst i Bergensområdet er signert av alle partar.

ByvekstB4653N1000.jpg
SIGNERTE AVTALEN: Fylkesordførar Jon Askeland og samferdselsminister Knut Arild Hareide med den signerte avtalen om byvekst i bergensområdet.

Den nye byvekstavtalen for Bergen og fire omegnskommunar sikrar 13,1 milliardar kroner frå staten til vidare utbygging av kollektivtrafikk, Bybanen, gang- og sykkelvegar, innfartsparkering og miljøvenleg teknologi. Pengane går til Bergen, Alver, Øygarden, Askøy og Bjørnafjorden kommunar i perioden fram til 2029.

ByvekstB4682N1000.jpg
Samferdselsminister Knut Arild Hareide prøver bysykkelen. I bakgrunnen varaordførar i Askøy, Roald Steinseide og ordførar Sara Sekkingstad i Alver.

Framtidsretta

Samferdselsministeren kom til Bergen for å signere avtalen saman med fylkesordføraren og ordførarane i dei fem kommunane.

– Det er gjort veldig stor innsats av alle partar. Eg er glad for at alle fire nabokommunane signerer avtalen saman med Bergen kommune og fylkeskommunen. No skal vi jobbe godt vidare med god og framtidsretta areal- og transportpolitikk, ikkje berre i Bergen, men og i dei store nabokommunane, seier samferdselsminister Knut Arild Hareide.

ByvekstB4674N1000.jpg
– Der står namnet, peikar fylkesordførar Jon Askeland på sykkelen oppkalla etter samferdselsminister Knut Arild Hareide. Byråd Thor Haakon Bakke (t.h.).

Offensiv og berekraftig

Fylkesordførar Jon Askeland takka alle for den inngåtte samarbeidsavtalen.

– No får vi ein offensiv og berekraftig vidareutvikling av den viktigaste storbyregionen i landet. Bergen, nabokommunane og fylkeskommunen er vovne tett inn i kvarandre på transportfeltet. Skal ein av oss lukkast her, er samspel med dei andre heilt avgjerande for å få suksess. Hittil har det vore ein avtale mellom Bergen kommune, fylkeskommunen og staten. Den har gitt imponerande resultat. Målet er at med fleire på laget, skal vi få større gevinst i ein utvida region. Vi skal få ein meir attraktiv region, og den skal gje utvikling i kvar og ein av kommunane, seier Askeland.

ByvekstB4647N1000.jpg
– Byvekstavtalen er banebrytande nasjonalt, seier fylkesordførar Jon Askeland.

Spådommar til skamme

Fylkesordføraren peikar på at byvekstavtalane engasjerer, og at det har vore ulike interesser og ulike syn.

– Men alle spådommar er gjort grundig til skamme. Folket har svart med handlingane sine. Auken i kollektivreiser er så tydeleg. Mange menneske har endra reisevanane dei siste 10 åra. Vi snakkar om meir enn ei dobling i talet på kollektivreiser i Bergen. Og no kjem auken i omegnskommunane sterkt, seier Askeland.

ByvekstB4636N1000.jpg
Ordførar i Bjørnafjorden, Trine Lindborg, leverer den signerte avtalen vidare til ordførar i Øygarden, Tom Georg Indrevik, for signering.

Reduserte utslepp – mindre kø

Byvekstavtalen skal bidra til å redusere klimagassutslepp, kø, luftforureining og støy og til meir effektiv arealbruk og god byutvikling.

– Det er heilt avgjerande at vi beheld gangsynet i desse avtalane, og sikrar balansen mellom levande bygder ytst ute i kommunane, og at vi samstundes aukar kollektiv, sykkel og gange der dei store reisestraumane er. Det har vi klart på dette området. Byvekstavtalen er banebrytane nasjonalt, seier fylkesordførar Jon Askeland.

ByvekstB4691N.jpg
Samferdselsministeren har fått fornamnet sitt på ein av bysyklane i Bergen.

3,6 milliardar kroner til Bybanen

Dei statlege midlane i byvekstavtalen, på om lag 13,1 milliardar kroner, går mellom anna til tiltak for kollektiv, sykkel og gåing og til auka belønningsmidlar. Dette utgjer om lag 8 milliardar kroner. Om lag 3,6 milliardar kroner går til statleg 50/50-bidrag til Bybanen til Fyllingsdalen.

ByvekstB4607N1000.jpg
– Staten bidreg med 13,1 milliardar kroner i avtalen, seier samferdselsminister Knut Arild Hareide.

Reduserte billettprisar

Den nye byvekstavtalen følger opp bompengeavtalen frå 2019 frå staten si side. Dette inneber at det statlege bidraget til Bybanen til Fyllingsdalen blir auka frå 50 til 66 prosent. Denne auken på, om lag 1,1 milliardar kroner, er øyremerka tiltak for å redusere bompengane og betre kollektivtilbodet. Staten gir også tilskot på 500 millionar kroner til reduserte billettprisar i kollektivtrafikken.