12 nye dagsturhytter i haust

– Eg håpar hyttene kan bli ein del av vestlandsidetiteten, seier Alexander Fosse Andersen, rett før hyttene til Austrheim, Fedje og Masfjorden blir skipa. Tolv hytter skal monterast i haust.

dagsturhytte
POPULÆRT: Dagsturhytta Orrabu på Leikanger er ein av dei 26 dagsturhyttene som alt er på plass. I løpet av hausten kjem det tolv nye hytter i Vestland.

Fosse Andersen er leiar for styringsgruppa for dagsturhytteprosjektet og fylkestingsrepresentant for Senterpartiet. Han har sjølv besøkt mange av dei eksisterande hyttene, og no ser han fram til å kunne hake av nye turmål.

– Det er full fart framover i dette prosjektet, og det er kjekt. Vi får på plass tolv hytter i det første leveåret til Vestland fylkeskommune om alt går etter planen no i haust. Dagsturhyttene er ein identitetsmarkør – noko vi som bur i Vestland har felles. Eg håpar hyttene kan bli ein del av vestlandsidentiteten, seier Fosse Andersen.

store kvite pakkar
BYGGESETT: Utanfor verkstaden til Stad Kystbygg på Stadlandet står dagsturhyttemodular no ferdig pakka. 17. september går dei med båt sørover til Nordhordland.

Ferdig monterte i september

Det går eit skip lasta med dagsturhytter frå Stadlandet til Nordhordland 17. september.

Stad Kystbygg byggjer dei nye dagsturhyttene i modular i verkstadhallen sin. Derifrå går dei med båt så nært som mogleg til der dei skal stå. Siste etappe før montering går anten med lastebil eller helikopter.

Dei første hyttene i tidlegare Hordaland kjem på Vardetangen i Austrheim, i Aurihopen i Fedje og på Grøttneset i Masfjorden. Det blir hytter nummer 27, 28 og 29 totalt i fylket. Etter planen skal alle tre vere monterte i løpet av september.

helikopter på avstand
HENG HØGT: Modulane til dagsturhyttene blir anten flydde eller køyrde med lastebil til der dei skal monterast. Her er frå utflyginga av Stedjestova i Sogndal.

Meir utstyr blir standard

I Førde sit prosjektleiar Atle Skrede og følgjer med på både byggeaktiviteten og vêrmeldingar.

– Vi veit frå førre runde at særleg helikopterflyginga skaper ekstra spenning, og gjer at ikkje alt alltid går som planlagt. Men planen for hausten klar, og vi håpar å klare å følgje denne så godt som råd. No kan kommunane byrje å kjøpe inn snorer som skal klyppast og førebu opningstalar, oppmodar han.

Skrede fortel vidare at hordalandshyttene nyt godt av at vi har hatt ein runde med hyttebygging og -montering tidlegare. Til dømes blir dør til utstyrslager, vedomn, solcellepanel, skohylle, luke for hyttebok, lys ved gapahukar og inngangsparti og fleire ventilar standard på dei nye hyttene. I tillegg blir det innvendige rommet 1,5 kvadratmeter større.

Plan for montering av dagsturhytter

Dagsturhytteprosjektet starta før kommunesamanslåinga før 1. januar 2020 og følgjer difor dei gamle kommunegrensene. Enkelte samanslåtte kommunar får såleis fleire hytter. 

Det kan bli endringar i den oppsette planen på grunn av vêr og andre uføresette forhold.

Desse kommunane får hytter i haust:

  • Austrheim, Vardetangen. Montering planlagt 21. september.
  • Masfjorden, Grøttneset. Montering planlagt 27. september.
  • Fedje, Aurihopen. Montering planlagt 27. september.
  • Bjørnafjorden, Os, Borgafjellet. Montering planlagt 18. oktober.
  • Bjørnafjorden, Fusa, Vetlavardhaugen. Montering planlagt 18. oktober.
  • Bømlo, Barmane. Montering planlagt 18. oktober.
  • Vaksdal, Tettaneset. Montering planlagt 15. november.
  • Kvam (plassering ikkje klar). Montering planlagt 15. november.
  • Samnanger (plassering ikkje klar). Montering planlagt 15. november.
  • Austevoll, Loddo. Montering planlagt 13. desember.
  • Sveio, Emberlandsnipen. Montering planlagt 13. desember.
  • Øygarden, Fjell, Larslivatnet. Montering planlagt 13. desember.

Desse kommunane får etter planen hytter i 2021:

  • Alver, Meland (januar)
  • Alver, Radøy (januar)
  • Alver, Lindås (januar)
  • Fitjar (april)
  • Tysnes (april)
  • Etne (april)
  • Kvinnherad (mai)
  • Voss (mai)
  • Odda (mai)
  • Jondal (mai)
  • Ullensvang (mai)
  • Eidfjord (mai)
  • Modalen (juni)
  • Stord (juni)
  • Osterøy (juni)
  • Bergen 1 (haust)
  • Bergen 2 (haust)
  • Bergen 3 (haust)
  • Ulvik (haust)

Askøy, Granvin (no Voss), Øygarden og Sund (no Øygarden) deltek ikkje i prosjektet.