– Vi må få nok elektrisk kraft til fylket
– Det er viktig at vi sikrar nok elektrisk kraft til fylket, seier fylkesordførar Jon Askeland etter at eit samrøystes fylkesutval i Vestland tilrår å be Statnett vise ei offensiv tilnærming til opprusting av kraftnettet frå indre delar av fylket til kystområda.

Bakgrunn for tilrådinga er at energiverket på Mongstad skal leggast ned. Det har levert store mengder energi til raffineriet på Mongstad, Kollsnes og norsk sokkel. Kraftverket blir lagt ned fordi det er blitt for dyrt å drive.
Høgt behov
– Stenginga av energiverket vil føre til at leveringstryggleiken av elektrisk kraft i Nordhordland blir betrakteleg svekka. All krafta frå kraftverket må vi få supplert frå andre stader. Dette er kritisk då det skapar eit underskot på elektrisk kraft i ein region med særs høgt behov. Kraftnettet vil bli hardt belasta av at store mengder elektrisitet må fraktast over lengre avstandar. Dette kan gjere kraftnettet til ein flaskehals i eit område der alt elles ligg til rette for å skape store verdiar i Vestland fylke framover, understrekar fylkesordførar Jon Askeland.
Stort potensial for næringsutvikling
Fylkesutvalet tilrår at utbetring av kraftnettet, og spesielt god kopling mellom kyst og meir sentrale deler av Vestland med stor produksjon av fornybar energi, bør prioriterast i tida framover. Fylkesutvalet peikar på at kystområda har eit stort potensial for næringsutvikling.
I første omgang tilrår fylkesutvalet å be om at Statnett må prioritere å sikre leveringsgraden av fornybar kraft inn til Mongstad for at noverande og framtidig kraftkrevjande industri der skal vere konkurransedyktig. Men fylkesutvalet tilrår og å sikre at nettet i heile Vestland fylke er robust i møte med elektrifisering i stor skala.
Største produsent i landet
– Vestland fylke er den klart største produsenten av fornybar energi i landet. Det er avgjerande at industriområda våre har tilgang på nok kraft og at overføringsnettet sikrar dette. Det vil òg gjere Vestland fylkeskommune attraktiv for nye aktørar, då dette viser at det ligg til rette for framtidsretta utvikling i regionen, seier fylkesordførar Jon Askeland.
Saka blir endeleg avgjort av fylkestinget.