– Forskingsresultat utfordrar myter om bompengar

Vil det løne seg å ha ordinære bompengar, eller er det betre å krevje inn dette via skatten? Eit forskingsprosjekt som Vestland fylkeskommune har delteke i syner ulike fordelingsverknader av bompengar i bergensområdet.

blå bil køyrar forbi bompengekamera
RAPPORT: Rapporten ser mellom anna på tidskostnadar med og utan bompengar. Foto: Miljøløftet.

Forskingsprosjektet MISSUM, som Vestland fylkeskommune har fått ta del i, har sett på statlege insentivordningar for meir berekraftig bytransport.

Prosjektet har som utgangspunkt sett på tal bilar/elbilar opp mot bustad, inntekt og familietype, og rekna på kven som vil kome best ut av dei ulike finansieringsordningane.

– Undersøkinga har lagt til grunn eit tenkt alternativ der dei prosjekta som i dag er bompengefinansiert i staden kan finansierast over ordinær skatteinnkrevjing, seier Torill Klinker, seksjonsleiar for transportplanseksjonen i Vestland fylkeskommune.

Undersøkinga har ikkje gått inn i problemstillingar knytt til politiske prioriteringar over NTP og Statsbudsjettet.

Finansiering over skattesetelen vil i størst grad koma dei med høg inntekt til gode

Dersom tilsvarande sum som i dag vert krevja inn av bompengeinntekter skulle blitt krevja inn via ordinær skatt måtte kvar vaksen betale 12,6 kroner meir i skatt per dag, uavhengig av bu-område og reisemåte. Oppsummert får ordinær skattefinansiering fylgjande konsekvensar:

  • Om ein tek omsyn til auka tidskostnader vil alle koma dårlegare ut enn med bompengar, også dei som reiser kollektivt.
  • Dei med inntekt over 1 million kjem best ut av ei skattefinansiering.
  • Hushaldningar med barn og fleire bilar vil tene på ei overføring frå bompengar til ordinær skatt.
  • Finansiering over ordinær skatt samanlikna med bompengar gjev ein vesentleg belastning for personar utan bil.
  • Dei som reiser mest miljøvenleg taper mest på skattefinansiering.

– Rapporten avkreftar myten om at bompengar er ein usosial skatt. Her kjem det fram at det er dei med høgast inntekt som vil tene mest på å ha skattefinansiering i staden for bompengar, seier Torill Klinker.

Nokre av funna i undersøkinga som har leia til konklusjonen

Dei med høgast inntekt køyrer mest

Heile 86 prosent har tilgang til bil, medan 14 prosent har meir enn ein bil. Tilgang til bil varierer noko etter kva område ein bur i. Medan 24 prosent lever utan bil i sentrale Bergen, er berre 4 prosent utan bil i Øygarden.

Undersøkinga syner ein sterk samanheng mellom inntekt og tilgang til bil. 33 prosent av dei med lågast inntekt eig ikkje bil, medan nesten 40 prosent av dei med samla inntekt på over 1,6 mill. har fleire bilar.

I høve til inntekt syner undersøkinga at dei med lågast inntekt betaler i snitt 9,6 kroner i bompengar pr vaksen pr dag, medan dei med høgast inntekt betaler i snitt 17,2 kroner i bompengar pr vaksen pr dag.

Dess høgare inntekt, dess fleire elbilar

20 prosent av dei som eig minst ein bil, eig ein elbil. Tal på elbilar er størst på Askøy, med 31 prosent. Det er ein klår samanheng med familietype, for par med barn og meir enn ein bil eig faktisk samtlege i undersøkinga ein elbil.

Undersøkinga finn også ein sterk samanheng mellom inntekt og tal elbilar. Medan 8 prosent  av dei med lågast inntekt eig ein elbil, ser vi at heile 40 prosent  av familiar med ein samla inntekt på over 1,6 mill. eig ein elbil.

Utan bompengar vil tidskostnader auka for alle trafikantar

Bompengar reduserer trafikkbelastinga og reduserer dermed tidskostnader for alle trafikantane, også dei som reiser kollektivt. Funna i undersøkinga viser at biltrafikken samla i analyseområdet vil auke med 4 prosent dersom bompengeinnkrevjinga vert fjerna. Sentralt i Bergen er auken estimert til 9,5 prosent.

Tidsinnsparingar som følge av bompengar er avhengig av kvar folk bur og korleis dei reiser, og dei som reiser mest opplever størst nytte av bompengar i form av reduserte tidskostnader. Undersøkinga syner at dei med høgast inntekt sparer 6,3 minutt pr vaksen pr dag, medan dei med lågast inntekt sparer 2,7 minutt pr vaksen pr dag.

Par med barn og meir enn ein bil har størst bompengebelastning (24,2 kroner pr person, pr dag) men også størst reduksjon i tidskostnad (13,4 kroner pr person, pr dag). Tilsvarande har par med barn og utan bil ein gjennomsnittleg bompengebelastning på 0,7 kr pr person pr dag, og ein reduksjon i tidskostnad på 0,2 kr pr person pr dag.  

Fakta/bakgrunn:

  • Forskingsprosjektet er eit samarbeid mellom Universitetet i Lund, VTI (Statens väg- och transportforskningsinstitut), NTNU og Urbanet Analyse.
  • Forskingsprosjektet har mellom anna gjennomført ei analyse som syner ulike fordelingsverknader av bompengar i Bergensområdet, inkludert Bypakke Bergen og Askøypakken.
  • Berekningane byggjer på tal frå Reisevaneundersøkinga (RVU) og Regional Transportmodell (RTM).