Søk tilskot til læreplassgaranti

Vi lyser ut midlar til læreplassgaranti for å sikre god balanse mellom tilbod og etterspurnad av læreplassar.

Fylkestinget har sett av 1.4 millionar til prosjekt knytt til læreplassgaranti. Kriteria for utlysinga er vedteke i hovudutval for næring.

Prosjektet må oppfylle minst eitt av tre føremål:

  • Jobbe for læreplassgaranti i regionen eller ved ein eller fleire skular i regionen.
  • Nytte læreplassgarantien til å marknadsføre skulane for å rekruttere fleire elevar/lærlingar.
  • Ha andre tiltak som kan vere med å sikre ein god balanse mellom tilbod og etterspurnad av læreplassar.


    Andre vilkår

  • Det krev ein eigeninnsats på 10 prosent. Denne treng ikkje være i form av friske midlar, men kan komme frå til dømes arbeidstimar.
  • Inntil 75 prosent av tilskotet kan utbetalast straks ved tilsegn om støtte. Sluttutbetaling av resterande 25 prosent kan skje etter innsendt sluttrapport og godkjent rekneskap.
  • Prosjektet må ha ein sluttdato innan eit år frå startdato.


    Kven kan søke?

  • Dei sju lokale kompetanseforuma som er etablert i samarbeidsmodellen knytt til Kompetanseforum Vestland er: Kompetanseforum Nord, Samarbeidsarena Sunnhordaland, Kompetanseforum Fjordane, Hardanger/Voss, Sogn, Bergen og Vest. Søknadene til ordninga skal være forankra i dei lokale kompetanseforuma. Dei lokale kompetanseforuma vurderer kven som skal stå som lokal søkjar på vegne av regionen. Det kan berre søke om midlar til eit prosjekt per region.

    Alle søknader som tilfredsstiller krava kan få tildelt 200.000 kroner. Det er mogleg å søkje om eit større beløp. Ekstra midlar vil bli tildelt om ikkje alle regionane søkjer på ordninga.