Kunnskapsgrunnlag for kompetanse i arbeidslivet

I tillegg til nasjonale utviklingstrekk er kunnskap om regionale forhold viktig. Sjå rapport for Vestland.

Statistikkutvalet, som er leia av Vestland fylkeskommune, lager kvart år eit kunnskapsgrunnlag for regionen. Kunnskapsgrunnlaget er ei samling statistikk og analyser som seier noko om dagens arbeidsmarknad og venta utvikling framover. Statestikkutvalet består av representantar frå NAV, HVL, UiB, og fylkeskommunen.

Kunnskapsgrunnlaget Kompetanse for 2021 er no publisert som ein web-rapport. Data i rapporten er henta frå mellom anna SSB, Udir, direkte frå utvalde utdanningsinstitusjonar og NAV.

Kan du ikkje sjå rapporten under? Sjå rapporten her.

Har du spørsmål til rapporten eller ønskjer hjelp til å hente ut relevant informasjon, kontakt Nikolai.Foss@vlfk.no.