Kompetanseforum Vestland

Fylkeskommunen leier arbeidet med Kompetanseforum Vestland som er samarbeidsorganet for kompetansearbeid i regionen.

I Kompetanseforum Vestland sit leiarane av dei største utdanningsinstitusjonane i Vestland, Universitet i Bergen, Høgskulen på Vestlandet, Norges Handelshøyskole, Fagskolen i Hordaland, Opplæringsdirektøren i Vestland fylkeskommune, partane i arbeidslivet representert ved NHO, LO og KS, NAV og Helse Vest.

I tillegg til Kompetanseforum Vestland  er samarbeidsmodellen for regionalt kompetansearbeid i regionen sett saman av kompetanseforum i regionane i fylket og kontaktpunkt for sentrale bransjar:

Kompetanseforum Nordhordland

Leia av Nordhordland næringslag, ved Baste Tveito

Kompetanseforum Sunnhordland

Leia av samarbeidsrådet for Sunnhordland, ved Tora Haslum Myklebust

Kompetanseforum Hardanger/Voss

Leia av Hardangerrådet, ved Jostein Eitrheim

Kompetanseforum Sogn

Leia av Sogn regionråd, ved Karina Nerland

Kompetanseforum Fjordane (Nordfjord/Sunnfjord/Hafs)

Leia av Trond Ueland