Fagskuleutdanning

Fagskuleutdanning er høgare yrkesfagleg utdanning og ligg på nivå over vidaregåande opplæring.

Utdanninga gir kompetanse som kan tas i bruk direkte i arbeidslivet. Fagskuleutdanninga har ein større fleksibilitet i tilpassing av studieplassar til søkjartal og konjunkturskifter enn dei andre utdanningsinstitusjonane.

Vestland har den største offentlege fagskulen i landet. Fagskulen har et stort og variert utval av utdanningar med tilbod innan maritime, tekniske, petroleumtekniske, grøne- og helsefag. 

Det finst ei rekkje fagskulestilbod:

Fagskulen i Vestland 

Noroff Fagskole AS

Høyskolen Kristiania - fagskolestudier 

AOF Fagskolen 

Kunstskolen i Bergen

Dykkerutdanninga ved Høgskulen på Vestlandet 

Institutt for helhetsmedisin 

Norwegian Drilling Academy AS NORTRAIN 

Fagskolen Aldring og helse