Klynger

Vestland fylkeskommune jobbar kontinuerleg for å styrke klyngearbeidet i fylket. Vestland har fleire kunnskapsmiljø og teknologimiljø som er verdsleiande på sine område. Vestland fylke er eit viktig eksportfylke og klynger er eitt av fleire verkemiddel for å styrke eksportevna i vårt næringsliv.

Klyngeprogrammet består av klynger på tre nivå: Arena, Arena Pro og Global Centre of Expertise (GCE). Norwegian Centre of Expertise (NCE) er ikkje lenger eit program, men eit merkenamn som klynger kan kvalifisere seg til. Ein har og eit tidlegfase program for innovative nettverk, gjennom ein kartleggingsfase avklarar ein ambisjonar og vegen vidare for nettverket. Neste steg kan mellom anna vere å jobbe for å bli ei klynge i programma, bli ein node til ei eller fleire klynger, eller
bli med i andre bedriftsutviklingsprosjekt.

Å oppnå klyngestatus gjev nasjonal og internasjonal prestisje, men ikkje minst langsiktig nasjonal finansiering til å utvikle samarbeid mellom bedriftene. Ingen andre fylke har lukkast i å få etablert fleire nasjonale og internasjonale næringsklynger.

Klyngene er av natur retta mot samarbeid og ikkje avgrensa til fylke, men har geografisk bestemte tyngdepunkt og leiing. Fylkeskommunane har bidrege sterkt til utvikling av dei fleste klyngene. Vår rolle har til dømes vore å bidra i arbeidet med å få etablert organisasjonane, rettleiing og rådgiving i søknadsprosessar, spele inn fylkeskommunale prioriteringar og faglege bransjeinnspel, samt vert inne med finansiell stønad gjennom forprosjekt og i driftsfase. Fylkeskommunen er også med å vurdere søknadane som er kome inn og gir innspel til Innovasjon Norge som har det endelege ansvaret. Fylkeskommunen stiller òg med observatørar eller styremedlem i dei fleste organisasjonane.

NCE-programmet vart etablert i 2006 og blei i 2014 ein del av Norwegian Innovation Clustersprogrammet. Programmet rettar seg mot dynamiske næringsklynger, som har etablert systematisk
samarbeid og som har potensiale for vekst i nasjonale og internasjonale marknader. Innan respektive sektorar og teknologiområde, skal klyngene ha ein nasjonal posisjon. Norwegian
Innovation Clusters-programmet bidrar til å målrette, betre og akselerere pågåande utviklingsprosessar i klyngene.

NCE Maritime CleanTech
Hovudmålet til klynga er å styrke klyngedeltakarane si konkurranseevne ved å lansera innovative løysingar for energieffektive og miljø- og klimavenlege maritime aktivitetar. Hovudsete i Bergen/Sunnhordland.

NCE Seafood Innovation
Målet er å leggje til rette for berekraftig vekst og utvikling av sjømatproduksjon. Hovudsete i Bergen

NCE Media - Media City Bergen
Klynga har som mål å bidra til å utvikle medieklynga i Bergen til eit internasjonalt leiande miljø for innovasjon og kunnskapsutvikling innan mediefeltet, med særleg fokus på visualiseringsteknologiar. Hovudsete i Bergen.

NCE Finance Innovation
Målet er å skape nye finansielle tenester og løysingar gjennom eksisterande og nye selskap. Vidare å auke eksporten av finansteknologi (fintech) til internasjonale og globale marknader.
Hovudsete i Bergen

NCE Tourism
NCE Tourism var ei reiselivsklynge i perioden 2009-2019. Målet til klynga var å utvikle, teste og kople kjøparar av og tilbydarar av opplevingsprodukt. I løpet av denne perioden hadde det
opplevingsbaserte reiselivet ein god vekst både i vår region og i resten av landet.