Tilskot frå nærings- og utviklingsfond for utsette område

Vestland fylkeskommune lyser ut midlar frå nærings- og utviklingsfond for utsette område. Ramma for fondet er på 5 millionar kroner for 2021.

Midlane frå fondet skal vere med på å legge til rette for omstilling og utvikling i kommunar og område med utfordringar som har, eller kan føre til langvarige konsekvensar for næringsliv, busetjing og sysselsetjing.

Regionråd, kommunar, verksemder og andre kan søke om støtte frå fondet saman med andre i målgruppa, åleine eller i samarbeid med fylkeskommunen. Næringsselskap som arbeider på oppdrag frå ein eller fleire kommunar kan søkje på vegne av aktørar i målgruppa. 

Tiltaka det blir søkt om må støtte opp under intensjonen med ordninga som er å styrke næringsgrunnlaget. Midlar frå fondet skal bidra til å etablere nye arbeidsplassar i kommunar som opplever vesentleg reduksjon i sysselsetjinga.

Område som har stor arbeidsløyse eller utsikter til stor arbeidsløyse, einsidig næringsliv og der enkeltnæringar har stor betydning for sysselsetjinga vil bli prioritert, saman med område med stor folketalsnedgang.

Søknadane vert vurdert opp mot gjeldande regelverk, og tilskot må mellom anna tildelast i tråd med regelverket om offentleg støtte. Tilskot som vert vurdert som offentleg støtte jamfør EØS-avtalen blir i hovudsak tildelt som bagatellstøtte. 

Regionråd, kommunar, verksemder og andre kan søke om midlar til tiltak saman med andre i målgruppa, åleine eller i samarbeid med fylkeskommunen. Næringsselskap som arbeider på oppdrag for ein eller fleire kommunar kan søke på vegne av aktørar i målgruppa. 

Målgruppe for fondet/tilskotsordninga er kommunar eller deler av kommunar i Vestland med utfordringar som har eller kan føre til store negative og langvarige konsekvensar for næringsliv, busetjing og sysselsetjing. 

Det kan søkjast om støtte til tiltak som er innanfor retningslinene og som skal legge til rette for omstilling og utvikling. Føremålet er å styrke næringsgrunnlaget og å bidra til å etablere nye arbeidsplassar i kommunar som opplever vesentleg reduksjon i sysselsetjinga. 

Områder som har stor arbeidsløyse eller utsikter til stor arbeidsløyse, einsidig næringsliv og der enkeltnæringar har stor betydning for sysselsetjinga vil bli prioritert, saman med områder med stor folketalsnedgang. I vurderinga av søknadene skal det leggjast særleg vekt på:  

  • Auka aktivitet, sysselsetting og verdiskaping basert på lokale utfordringar, behov og potensial 
  • Ei berekraftig omstilling og utvikling av næringslivet 
  • Prosjekt som er nyskapande og framtidsretta 
  • Om tiltak er forankra i kommunale eller regionale næringsplanar 

Tilskotet frå fylkeskommunen skal ha utløysande effekt. Det vil seie at utviklingsprosjekt ikkje vil bli gjennomført utan tilskot frå fylkeskommunen, eller at det ikkje vert gjennomført i ønska omfang eller til ønska tid.

Det vil bli lagt vekt på at søkar har gjennomføringsevne. Det vil mellom anna seie at det vert vurdert kva kompetanse søkjar har eller vil knyte til seg, organisering og metodebruk og sårbarheita i prosjektet. Prosjektsøknaden må vere realistisk og risikofaktorane må vere klargjort. Der det er naturleg skal tiltak koordinerast i høve til bidrag frå andre offentlege aktørar. 

Tilskotet skal ikkje brukast til:  

  1. Driftskostnadar i næringsverksemd og organisasjonar 
  2. Direkte eller indirekte investeringar i eigenkapital 
  3. Drift av eller investeringar i statlege, fylkeskommunale eller kommunale lovpålagte oppgåver som er utført av fylkeskommunen, kommunen eller andre

 Følgjande opplysningar må vere med i søknaden:  
 
Opplysningar om søkjar  

a) Den ansvarlege prosjekteigaren sitt namn og organisasjonsnummer 
b) Kven som er kontaktperson. 

Økonomi  

c) Kva tilskotsbeløp det vert søkt om 
d) Budsjett med finansieringsplan Skildring av tiltak og forventa resultat 
e)Tiltaket det vert søkt om tilskot til, mellom anna mål og målgruppe  
f) Framdriftsplanen for aktivitetar 
g) Organisering av tiltaket, mellom anna eventuelle samarbeidspartnarar og kva roller dei skal ha 
h) Om tiltaket har forankring i kommunale og fylkeskommunale planar 
i) Resultata ein ventar å oppnå 

Dersom de tidlegare har motteke offentleg støtte etter EØS-avtalen må de spesifisere kva type støtte de har motteke.