Temaplan reiseliv

Temaplanen konkretiserer korleis fylkeskommunen vil arbeide for utviklinga av berekraftig reiseliv i Vestland gjennom eigne økonomiske verkemiddel, rolla som fagleg rådgjevar og gjennom samarbeid mellom dei ulike aktørane som har ei rolle i reiselivsutviklinga.

Mål og satsingar

Visjon: Nyskapande og berekraftig reiselivsutvikling i Vestland.

Hovudmål: Vestland fylke skal gjennom berekraftig reiselivsutvikling vere eit attraktivt val for kvalitetsbevisste gjestar som bidreg til lokal verdiskaping i Vestland.

Planen har seks satsingar: Synlegheit, forretningsmodell og struktur, omstilling og utvikling, heilårsaktivitet, attraktive, lokale arbeidsplassar, og besøksforvaltning. Kvar satsing har eitt eller fleire delmål under seg.

Temaplanen er utarbeidd i tett samarbeid mellom Vestland fylkeskommune, Innovasjon Norge Vestland, Statsforvaltaren i Vestland, destinasjonsselskapa i fylket og Fjord Norge AS. Planen var ute til høyring hausten 2022 og blei vedtatt i fylkestinget i desember 2022.

Det blir utarbeida ein årleg årsplan til temaplanen. Årsplan for 2023 blei vedtatt i hovudutval for næring i februar 2023.