Fv. 5254 Kleppevegen ved Myrane

Tiltaket går ut på å stengja eksisterande avkøyringar, etablera ei ny felles rundkøyring til området, etablera gang- og sykkelveg/fortau, ny busshaldeplass og ”kiss and ride” for ungdomsskulen/vidaregåande skule og idrettshall. Oppdraget består også av å etablera lukka overvassystem saman med vatn og avløpsanlegg, og etablering av fjernvarme og bossuganlegg for Askøy kommune.

Fakta

Fase: Byggefase
Veg: Fv. 5254
Område: Askøy

Prosjekteringsfase

Prosjektering og reguleringsplan er ferdigstilt.

Byggefase

13. november startar entreprenør arbeid på Myrane. Fase 1 av prosjektet startar 20. november.

 

Nytt gangmønster for gåande

Frå torsdag 15. februar 2024 vert gangmønster lagt om mellom Nygjerdet og Helsetunet. Overgangsfelt, busshaldeplass og fortau nordover blir stengd.

Alle gåande må følgje skilta rute til overgangsfelt som tek ein vidare til Kleppestø barneskule, Kleppestø barnehage, og bussehaldeplass for å komme seg nordover.

For skuleborn ved Kleppestø barneskule vil busshaldeplass ved veganlegg vere avstigningshaldeplass i denne perioden. Busshaldeplass sørover er urørt og er operativ som normalt. Skyss er informert om desse endringane. 

Bilete viser eit kartutsnitt over nytt gangmønster ved Kleppevegen Myrane
Bilete viser nytt gangmønster i grønt.

Sprengingsarbeid på fjellskjæringa i veke 6

I løpet av veke 6 skal vegprosjektet byrje sprengingsarbeid på fjellskjæringa, lengst nord i prosjektet. Fjellskjæringa skal utførast ved ei sprengingsmetode som heitar kontur. Denne sprengingsmetoden brukast for å redusere oppsprekking av berg, samt skape ein estetisk pen overflate. 
Det visast til SMS som vart sendt ut av entreprenør Bertelsen & Garpestad, 25.01.2024.

Sprengingsarbeidene skal byrje etter kl.16:00. All trafikk kan bli stoppa i inntill 15 minutter, og blir stoppa på trygg avstand frå sprengingsområdet. Det vert utplassert vaktpostar i vegbane, på fortau og stier som er i nærheiten av fjellskjæringa.

Merk: Denne sprengingsmetoda vil, sjøl med dekking, skape høgare lyd.

SMS-varsling blir sendt ut i forkant av sprenginga til dei som har meldt seg på varslinga. Varslinga gir mogelegheit og tid til å forberede mennesker og dyr på høg lyd og vibrasjonar frå sprenginga.  

Meld deg på SMS-varsling for sprengingsarbeid ved Myrane på  Nabovarsel.no

Øvre Kleppe-veg nr.2 stengd frå 08. januar 2024

Arbeidet med vegprosjektet på fv.5254 Myrane er godt i gong, og som ein del av planen må Øvre Kleppe-veg stengast. Vegstenginga og arbeid i krysset skal skje måndag 08. januar 2024, og det er ikkje moglig å passera for køyrande og gågande frå og med denne datoen. Som ein del av faseplanen vert fortauet også stengd.

For køyrande kan avkøyring til Listerholene brukast. For gåande kan gangsti med trapp frå Runderhaugvegen til Grønnlivegen brukast, samt langs Listerholene. Denne vegen går blant anna til Kleppestø barneskole og kollektivhaldeplass ved fylkesvegen. Entreprenør vil skilte om gangveg til blant anna Kleppestø barneksole, og det vert montert lyslenkjer langs anleggsområdet. 

Kartutsnitt over Myrane anleggsarbeid

Sprengingsarbeid frå 06.12.23

Frå 06.12 vil det gå føre seg anleggsarbeid også i helgane på Myrane. Entreprenør går då over på ny arbeidstidsordning, rotasjon 15-13. 
Vi startar også opp med sprengingsarbeid der det er planlagt 1-2 salvar dagleg.

Meld deg på SMS-varsling for sprengingsarbeid ved Myrane på  Nabovarsel.no

No startar arbeidet på Myrane

Den 13. november startar entreprenør Bertelsen & Garpestad arbeid på Myrane. Frå 13. til 20. november vil det berre gå føre seg rivingsarbeid, som ikkje vil påverka trafikken eller gåande i noko særleg grad.

Frå den 20. november startar vi med fase 1 (sjå bilete under). Arbeidet omfattar oppbygging av ny kommunal veg, sprengingsarbeid, bygging av ny bussterminal. Anleggsområdet i fase 1 ligg utanfor dagens fylkesveg. Arbeidet vil i denne fasen heller ikkje påverka trafikken noko særleg.

Kartutsnitt over myrane
Bildet viser Fase 1 i prosjektet på Myrane

Dette gjer me i fase 1:

Stenging av gangfelt nord for Øvre Kleppe-vegen: Vi vil stengja av gangfeltet for å samla alle gåande på ein gangveg rundt anleggsområdet. Dette tiltaket vil betre tryggleiken for mjuke trafikantar under anleggsperioden.

Flytting av busstopp i Fv. ved Søre Myrene og skiping av ei mellombels busslomme ved Helsetunet: Dette blir gjort for å leggja til rette for busstrafikken og minimera forstyrringar for passasjerane.

Flytting av overgangsfelt ved avkøyringa til Øvre Kleppe-vegen: Ved å flytta overgangsfeltet ca. 65 meter lengre sør i fylkesvegen, reduserer vi risikoen for kollisjonar med anleggstrafikk.

Desse tiltaka er nødvendige for å sikra både trafikktryggleik og effektiv gjennomføring av prosjektet. Vi takkar for tolmodet og bidraget deira til eit trygt og smidig gjennomført prosjekt.

Parkering

Her kan du lese meir om parkeringssituasjonen i Myrane-området

Betre tilbod til gåande, syklande og kollektivreisande

Gjennom prosjektet skal det etablerast ein ny trafikksikker infrastruktur til Kleppestø barneskule, Kleppestø ungdomsskule, Askøy vidaregåande skule, Askøyhallen og Helsetunet. Tiltaket gir eit nytt og forbetra tilbod til gåande, syklande og kollektivreisande. Gonge og sykkeltilbodet blir kopla mot regionssenteret Kleppestø, og vil bli ein del av eit samanhengande gang- og sykkeltilbod på Askøy.  Tiltaket vil betra framkomma for kollektivtrafikk ved at det blir laga til nye haldeplassar. Her vil det også komma ein trafikksikker haldeplass til skuleskyss.

Områdeplanen for Myrane viser ein ordna veg- og parkeringsstruktur, der største delen av området skal vera bilfritt og tilrettelagt for gåande og syklande. Då området er sentralt og nært kollektivknutepunkt, blir det lagt til rette for høg utnytting i byggjeområda.

Ny videregåande skule

Området består av idrettsanlegg (Askøyhallen som blir utvida i 2024, og dessutan  fotballbanar), skular (barneskule 600 elevar, ungdomsskule 630 elevar, vaksenopplæring 200 elevar og vidaregåande skule 500 elevar). Fylkeskommunen skal byggja ny vidaregåande skule i området, der elevtalet skal aukast frå ca. 500 til ca. 1000. Kommunen byggjer i samarbeid med fylkeskommunen kultursal med 340 sete. Askøy kulturskule har lokalitetar i tilknyting til ungdomsskulen. I tillegg er her helsetenester, med m.a. sjukeheim, legevakt og helsestasjon – totalt ca. 200 tilsette.

logo av miljøløftet
Namnet på byvekstavtalen for bergensområdet heiter Miljøløftet. Dette er eit samarbeid mellom Samferdselsdepartementet med Statens vegvesen og Jernbanedirektoratet og Kommunal- og moderniseringsdepartementet med Statsforvalteren i Vestland, Vestland fylkeskommune og kommunene Bergen, Alver, Askøy, Bjørnafjorden og Øygarden. Den bye byvekstavtalen sikrer over 16 milliarder kroner i invisteringar i bergensområdet fram til 2029.

Du kan lese om prosjekta på miljøløftet.no

Relatert informasjon

Illustrasjonsbilete: Vestland fylkeskommune

Bilde av prosjekttegninger

Ved helsetunet kjem det ein ny bussterminal og rundkøyring. På nedsida av terminalen kjem det ein ny parkeringsplass. 

Bilde av prosjekttegning

Avkøyring til Øvre Kleppevegen vert stengt og det blir bygga ny gang- og sykkelveg.

Via rundkøyring skal det byggast ny kommunal veg med tilhørande "minirundkøyring", og ein droppsone ved Askøy ungdomsskule. 

Avkøyring til helsetunet vert stengt når det vert bygga ny veg via kommunal "minirundkøyring". Det blir samstundes tilrettelagt med veg for varelevering til Askøy videregåande skule, og adkomst til ambulansestasjon.

Nord for rundkøyringen slutter sykkelfeltet, og vi tilpassar ny fylkesveg til eksisterande fylkesveg. Avkøyring til Søre myrane vert stengt. 

 

Kontaktpersoner

Ingrid Margrethe Fjordheim Sunde

Byggeleiar