Bibliotekturnéar

Er du tilsette i eit bibliotek i Vestland og har eit kurs- eller turnéønskje? Vi organiserer og koordinerer turnear til biblioteka for å hjelpe dei til å vere uavhengige møteplassar og arenaer for offentleg samtale og debatt.

Biblioteka skal stå fram som aktørar og leverandørar av gode og kvalitetssikra arrangement, debattar og anna kulturell verksemd i lokalsamfunna.

Ut frå tilgjengelege ressursar organiserer vi og støttar turnear i biblioteka. Vi arbeider enten som produsent eller turneplanlegger.

I samarbeid med biblioteka, eller på initiativ frå utøvarar, finn vi gode tilbydarar innan eit breitt spekter av uttrykk. Vi tek utgangspunkt i aktuelle tema som rører seg i samfunnet/tida og skapar gode debattar og samtaler.

Dette kan vi hjelpe med

Vi bidreg med fornuftig turneplanlegging, og vi har i mange tilfelle kontakt med utøvar om praktisk gjennomføring, bestilling av fly og hotell, kontraktar med utøvar, marknadsføringsmateriell og evaluering av arrangementa.